Velkomen til snørike Sogndal skisenter
Sogndal skisenter- Sogndal ligg i Sogndalsdalen, 15 minutt frå Sogndal sentrum. Anlegget er først og fremst kjent for å liggje i eit svært snøsikkert område.
Men Sogndal skisenter er også noko langt meir enn eit snøsikkert skitrekk:
Laussnøkøyring
Når du har teke trekket opp har du mange alternative nedkøyringar. I nokre av desse nedfartene finn du som regel gode forhold for laussnøkøyring.
Fjelløyper
Godt preparerte fjelløyper frå SIL-hytta og høgt til fjells. Her kan du møte barnefamilien som er fornøgd med å ha Røde Kors-kassen og Kvikk Lunch og matpakke som mål - og "trimmarane" i godt tempo på veg til Høgehaug.
Toppturar
Frå toppen av skitrekket kan du bl.a ta snarvegen til Blåfjell. Nedkjøringa derifrå er heilt fantastisk. Utsikta likeså.
Langrenn
10 km med godt preparerte langrennsløyper for dei føretrekk smale ski og sveitte timar.
Barnetrekk
Sogndal skisenter har to barnetrekk med glimrande forhold for dei aller minste.
Det er difor vi likar å snakke om skigelede for heile familien.
Velkommen til Sogndal skisenter og Sogndalsdalen!