Me har opnet ny heis!

Rindebotnheisen i Hodlekve er open!

Dette er første byggetrinn i reiselivssatsinga i Sogndalsdalen. Rindebotnheisen strekker seg 1300m opp i fjellet, og løyser ut fleire kilometer med alpine nedfartar. No har vi eit fantastisk frikøyringsområde, ein flott, raud nedfart og eit godt utgangspunkt for fjelltur og toppturar.

Det er allereie bestilt ein tredje heis, og denne vil vere klar til neste sesong. Planlegginga av gondol til Kambafjellet er også godt i gang. Målet er at denne kan vere klar om 4-5 år.

I samband med heisutbygginga er det også bygd ny veg og parkeringsplass i Rindebotn til opp mot 200 bilar.