Nysgjerrig ny dagleg leiar!

Hei!

Eg heiter Cecilie Marese Grendahl. Eg er dagleg leiar i Sogndal Skiasenter. Eg er ny innflytta i bygda og kjenner svært få. Eg ynskjer å verta kjent med flest mogeleg so raskt som mogeleg. Eg ynskjer også innspel og meinigar om drifta og den vidare utviklinga i Hodlekve. Den erfaringa som mange av dykk har kan også væra god lærdom for meg.

Fyrstkomande laurdag og sundag vil eg være i Rindabotn for å møte so mange som moglege mellom klokka 13 og 14. Stikk de innom for ein prat eller berre for å helsa på, skal eg ha kaffien klar.

Eg gler meg til å møta sogndøler med eller utan ski i Rindabotn.