Hogst og informasjon i Rindabotn

Laurdag var det dugnad i Rindebotn. Heishuset vart måla og ivrige frikøyrarar kom med motorsager. Dei gjorde ein stor innsats med tynning av skog og kratt i nedfarten. Til glede for oss alle!

Vi takkar alle for god innsats og mange gode idear og innspel. 

Grunneigarar kom også og vart oppdatert på planar og kva som skjer i Hodlekve framover. Det vart servert Hodlekvesuppe og kaffi. 

Til årets sesong kjem det mykje nytt og vi gler oss til å vise det fram, forhåpentlegvis allereie 14 desember. 

image.jpg

Grunneigarar og hodlekve gryta!