Nina`s etterdønningar

17-18 Januar

Denne veka har etterdønningane etter Nina  gitt oss mykje snø, og vinden har flytta  mykje  snø ned i Hodlekveskogen. Me veit at mange likar å ta turen utan om anlegget. På laurdag var det gode tilhøve i skogen. For Nettbuss er det er utfordrande å dimensjonere behovet for transport til dei som ynskjer seg attende til skianlegget. På laurdag føremiddag  vart kapasiteten sprengt, nettbuss stilte då med ein ekstra buss på kort varsel slik at det tilsammen var var 3 bussar i drift.  

Foto: Bård Basberg

Foto: Bård Basberg

Laurdag og Sundag går laussnøekspressen dobbelt så ofte. Oppsatte tider er fylgjande:

11:00, 11:30, 12:00, 12:30, 13:30, 14:00, 14:30, 15:00, 15:30

 

Det er utruleg viktig at ein fylgjer etter reglane:

  • Ikkje parker køyretøy i avkøyringslommene
  • Ikkje gå ut i vegbana
  • Ikkje freist å stogge laussnøbussen utanfor parkeringslommane

Skibusstidar: Frå Kaupanger 0912 Frå Sogndal skyss stasjon 0935 Retur kl: 1610

Foto: Vegar Wathne Bøyum

Foto: Vegar Wathne Bøyum

Langrennsløypane er klare med 10 km til kl 11:00. Det blir køyrt opp til Høgehaug for dei som ynskjar å ta turen lenger ut i fjellet.

Me jobbar fullt for å få på plass gode alpin traseer, for alle og ein kvar! Men mykje snø, gjer jobben tøffare og me håper på forståelse for at det snør fort igjen.

For å kome seg til after-ski på Uteplassen, så kan ein ta Laussnøekspressen fra Sogndal Skisenter ut til Selseng!! Sjå på event på facebook for meir info!

Sundag er det Åpen Bakke. Då har mange heldige registrert seg for å få gratis dagskort. Det er ellers mulig å kjøpe vanlig kort om ein ikkje fekk meldt seg på!

Då blir det DJ, aktiviteter og mykje god stemning i heile anlegget!

Me gleir oss til ein uforglemmelig helg!