35 cm i Rindabotn 15.11.2017 !

I dag ligg det rundt 35cm med snø i Rindabotn. På toppen av Rindabotntrekket er det komme rundt 50cm. 
I ettermiddag gjer me eit forsøk på å komme oss gjennom 3 km i langrennsløypa med glattebrettet på trakkemaskina. Dette gjer me for å lage ein såle. Nærare oppdatering kjem seinare idag på facebook.

I alpin nedfartane treng me meir snø før me kan trykke på knappen.

I dag monterer me belter på den siste trakkemaskina vår, då er alle maskinene klare for sesongen!

Kjøp sesongkort her:

https://sogndal.skiperformance.com/shop/no/shopp

35 cm.jpg