Aktuelt

Skredøving laurdag 19. januar

Melding om skredøving


Det vert storskala skredøving Laurdag 19. januar, kring Sogndal Skisenter Hodlekve.



Me vil opplyse om at det vert ei større skredøving mellom Rindabont og Høgehaug, laurdags formiddag. 


Publikum må pårekne ein god del scootertraffikk og lågtflygande helikopter.


Publikum blir oppfordra til å halde avstand frå sjølve øvinga. Men er hjarteleg velkomne til å bruke området og sjå på aktiveten på god avstand. 


Det vil bli stor aktivitet med snøscooter, hjelpekorps, politi, redningshundar og redningshelikopter.

mvh.

Sogndal Skisenter Hodlekve


Skredøving

Skredøving


Fjelløype til Høgehaug preparert

B67I1481.JPG

I dag har me preparert til Høgehaug

For første gong i år.

Frå Raude Krossen kassa og opp til Høgehaug er det kjempeforhold. Nedanfor mot Rindabotn stikk det opp ein del kvist og nokre steinar. Så spesielt på returen bør ein vere merksam og ta det litt roleg.


Turen til Høgehaug er om lag 4,2 kilometer kvar veg.

På stille kveldar er det ein absolutt anbefalt tur med hovudlykt. Men meld frå til dine når og kvar du går.

Dette er ei Fjelløype så det eignar seg absolutt best med fjellski eller lett rando.



Me vil preppe opp til Høgehaug når véret tillet det. Det same gjelder turløypa vidare til Fjærlandsete og Sumhaug.


God tur!



video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more


B67I1414.JPG
B67I1417.JPG
B67I1475.JPG
B67I1449.JPG
B67I1476.JPG
DJI_0061.JPG

PUDDERALARM OG LAUSSNØEKSPRESS

PUDDERALARM!!!!!!!!!!!!!!!!!!


Då har me gleden av å invitere til årets første laussnøbonanza.

LAUSSNØEKSPRESSEN GÅR I HELGA !
Det er kanonforhold borte i skogen seier speidarane våre. 
Laussnøbuss enkeltbillett 70,-
Laussnøbuss dagskort 100,-
Laussnøbuss helgekort 150,-
Du kjøper billett på bussen. 
=========
Start tid frå Selseng - (tidene er tentative) - Ved full buss går bussen kontinuerlig 
Laurdag og sundag 
12:00 13:30 14:30 15:30
Me minner om:
Skredfare, og at all ferdselt utanfor preparert område er på eige ansvar. Ikkje gå ut i vegen men ta deg fram opp på brøytekantane til nærmaste busslomme.

Slik hadde vi det for eit år sidan. Og slik har vi det no. Foto: Håvard Nesbø. Ski: Torgeir Sværen Henjum

Slik hadde vi det for eit år sidan. Og slik har vi det no. Foto: Håvard Nesbø. Ski: Torgeir Sværen Henjum


RINDABOTN OPNAR ONSDAG 16. JANUAR

Endeleg, dette har me venta lenge på!

Onsdag 16. januar opnar me Rindabotn. Laurdag opnar Kalvavatni. Og me prøver også å få preppa til Høgehaug før helga.

Opningstider:

Rindabotn og Toyotatrekket: Onsdag -Søndag 10.00 - 16.00

Kalvavatni og Hodlekvetrekket: Laurdag - Søndag 10.00 - 16.00

Kveldskøyrin i Hodlekvetrekket: Torsdag og Fredag 18.00 -21.00

Me prøver også å få preppa opp fjelløypa til Høgehaug før helga, følg med på Facebook for oppdatert info. evt. sjekk innom skisporet.no Det er snømengda som avgjer dette.

Skibussen går til/frå Sogndal i helga.

Ynskjer du å bu i Hodlekve til helga?

Der er nokre få ledige hytter endå.

Klikk på linkane å sjekk om der er noko for din gjeng:

https://www.airbnb.no/rooms/25673911?location=Sogndal%20Skisenter%2C%20Hodlekve%2C%20alpinanlegg%2C%20Sogndal%2C%20Norge&guests=1&adults=1&s=fHFJc5iu

https://www.airbnb.no/rooms/18928982?location=Sogndal%20Skisenter%2C%20Hodlekve%2C%20alpinanlegg%2C%20Sogndal%2C%20Norge&guests=1&adults=1&s=fHFJc5iu

https://www.airbnb.no/rooms/23279924?location=Sogndal%20Skisenter%2C%20Hodlekve%2C%20alpinanlegg%2C%20Sogndal%2C%20Norge&guests=1&adults=1&s=fHFJc5iu

Vel møtt.

(Foto: Nesbø. Ski: Martin Gilleshammer)

Så kom snøen ... me har venta på .....

Natt til søndag var vindretninga, temperaturen og nedbøren slik den nesten ikkje har vore før denne sesongen. Dermed kom snøen ! Ca 14 cm i neste del av anlegget målt på sundag ettermiddag, og ein del meir lenger oppe. Det snøar framleis og held dette fram lovar det godt for dei komande dagane.

Det var 103 startande i Hodlekverennet som gjekk av stabelen på sundag. Rennet gjekk i gode langrennsløyper og stemninga var stor !



Me har byrja å gle oss til kveldskøyringa på tysdag, og kryssar alt me har av fingrar for at me skal få så mykje at me kan opne heile anlegget til neste helg.

foto: Håvard Nesbø

foto: Håvard Nesbø













Kveldskøyring og nypreppa 8, januar

Me prøvar til att. og Inviterer til kveldskøyring og nypreppa langrennsløyper etter regn og mildvér.

ALPINT:

Det er fortsatt tynt snølag, noko som må takast i betraktning.

Det er kun dagløypa som er preppa, den har ikkje fullestending belysning, så ei hovudlykt er å føretrekke.

Barnetrekket er også klar til bruk.

Opningstider 18.00 - 21.00

LANGRENN:

Det er preppa 5 kilometer med spor. Og 10 kilometer er fresa (det manglar eit par hundre meter)

Vel møtt til ny innsats !

Framdrift etter planen for Dalalåven

Dalalåven

Me skriv eit nytt år. Eit fantastisk flott år for oss i Sogndal Skisenter Hodlekve. 

Det er dette året den flotte nye Dalalåven vår, skal stå ferdig.  

Dalalåven vert den nye storstova og hjartet i Sogndal Skisenter Hodlekve. Serveringsplass, skiutleige, møterom, lager og kontor.

Eit fullverdig servicebygg. Den nye møteplassen i Sogndalsdalen. 

Det vert ikkje berre eit bygg til bruk om vinteren. Dalalåven vert ein arena for aktivitetar heile året.

Framdrifta går etter planen. Sjølv om ei ferdigstilling ikkje er planlagt venta før første juli. i år. Så vil ein allereie under årets Fjellsportfestival ta i bruk lagerbygget (eller Dalakjørkjao på folkemunne) til festivalen sin offisielle afterski. 

 – Me legg opp til ein heidundrandes afterski under årets festival. Med DJ´s og servering. Endeleg kan me tilby vår heilt eigen og unike afterski på festivalen sin eigen arena. Før afterskien startar vil me ha ein workshop i samme lokalet. Me gler oss utruleg mykje til å kunne få ta i bruk delar av Dalalåven. Me kan love ei pangopning av det nye bygget, seier styreleiar i Fjellsportfestivalen, Stian Stedje Hofslundsengen.

Bygget er allereie tett. Det er ferdig isolert og ein har starta med dei elektriske installasjonane.

 – Det er berre dei tekniske innstallasjonane,  og rør som står att no, slik me får lukka bygget. Så blir det plating, leggjing av golkv, bygge kjøken, måling innreiing som skal gjerast. Både Intersport Sogndal sin skiutleige og Caféen blir blir sett opp parallelt. Heile bygget skal etter planen stå ferdig 1. juli i år. Men me har von om at allereie til påske så skal me kunne få opne opp endå ein større del, seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter  Hodlekve, Per Odd Grevsnes.

Slik såg det ut den første veka i 2019:


DJI_0027.JPG



B67I1166.JPG




B67I1163.JPG





B67I1136.JPG






B67I1139.JPG







B67I1144.JPG








B67I1145.JPG
B67I1148.JPG
B67I1149.JPG
B67I1153.JPG
B67I1170.JPG

.












Lyset i langrennsløypa

I Hodlekve har me ei lysløype på 5 km. Lysløypa vert normalt preppa til kl 16 på kvardagar og kl 10 i helgane. Me treng meir snø for at me kan preppe kvar dag, men løypene er farbare slik det er no.

Lyset må aktiverast. 

På parkeringa ved SIL-hytta er der ein stolpe med ein trykknapp på. Denne aktiverer lyset i lysløypa. Lyset kan aktiverast frå kl 16.30 og slår seg automatisk av kl. 22.00

Husk at det er betaling også på kveldstid for parkeringa ! (easy:park 6925) 

Trykk på knappen - så aktiverer du lyset i langrennsløypa.

Trykk på knappen - så aktiverer du lyset i langrennsløypa.

2,5 millionar til Hodlekve

Sogndal Kommune og Sognefjorden Utviking styrkjer i fellesskap aksjekapitalen til Sogndal Skisenter Drift AS.

Kommunestyret i Sogndal har styrka aksjekapitalen i Sogndal Skisenter Drift AS med 1,5 millionar kroner. Som eit svar på aksjestyrkinga til kommunen, har Sognefjorden Utvikling gått inn med ein million kroner, i tillegg.


Positive signal

Ei fleirtalsgruppering i Kommunestyret har samla jobba fram auken i aksjekapitalen, utan søknad frå skisenteret. Sogndal Kommune er allereie den største eigaren av Sogndal Skisenter Drift AS.

– Dette er særs gledeleg, eit  veldig viktig og positivt signal til utviklinga som skjer i Hodlekve frå kommunen si side. Dette syner at satsinga kring Hodlekve er sterkt ynskja frå kommunen si side, hevdar Rolf Navarsete, styreleiar i Sogndal Skisenter Drift AS.


Motiverande handling

Navarsete trekkjer også fram den andre store eigaren av skisenteret. Sognefjorden Utvikling AS, har allereie synt stor tru på utviklinga kring Hodlekve. Selskapet har allereie bidrege med tjue millionar kroner til no.

– Sognefjorden Utvikling AS har bidrege stort inn allereie. Med tjue millionar fordelt på aksjekapital, samt kapital og utviklingsbidrag for byggjing av infrastruktur som anlegg, løyper servicebygg og liknandes. At dei no går inn med endå ein million, syner at Sognefjorden Utvikling fortsatt har stor tiltru til den flotte utviklinga me som skisenter no er inne i.  Dette er ei svært motiverande handling frå dei to største eigarane våre, seier Navarsete.

20161227_085720.jpg



Støttar ambisjonsnivået

Dagleg leiar i Sogndal Skisenter Drift, Per Odd Grevsnes seier at styrkinga er med på å byggje opp under ambisjonsnivået skisenteret har.

– Med målsettingane Sogndal skisenter har, er likviditeten svært viktig for å kunne halde oppe ambisjonsnivået.  Det gir oss handlingsrom. Med det meiner Grevsnes at ein fortsatt vil utvikle seg raskt, og nå dei neste delmåla i skisenteret så fort som mogleg. 

– Det handlar til dømes om ny heis til Kambafjellet, ferdigstilling av Dalalåven. Samt utvikle sommaraktivitetane som sykkeløyper i fjellet, og andre aktivitetstilbod som gjer oss rusta til å stå fram som ein solid heilårsdestinasjon for heile regionen. 



Tillit 

Synergiane som utbygginga kring Hodlekve gjev, ser ein meir tydeleg enn nokon gong. I følgje Even Heggbom i Sognefjorden Utvikling, er det gledeleg at lokalpolitikarane i Sogndal fortsatt har trua og ser kva verdiskaping utviklinga kring Sogndal Skisenter bidreg med. 

– Sognefjorden Utvikling sitt siste bidrag kjem av at me ser på det som ei svært god investering for Hodlekve, regionen og SU. Me ser at drifta av skisenteret er veldig bra. Skisenteret har bygd opp ein strategi, og fungerer mykje betre reint kommersielt enn tidlegare. All utvikling vil vere bra for aktiviteten SU driv med. Me har tillit til dei som jobbar der, til styret og til leiinga. Alt i alt fungerer dette veldig bra, derfor ynskjer me å fortsatt vere med frametter.



hytter i hodlekve _ håvard.JPG

Halv milliard

Heggbom hevdar at  Sogndal Kommune med auken i aksjekapital syner tillit til prosjektet Hodlekve. 

– Me er svært glad for at politikarane ser verdien av alt dette. At utviklinga har vesentleg samfunnsmessig betydning, for regionen i Sogn. Til no er det tilnærma 240 millionar i rein bygningsmasse i prosjektet. Mykje av dette går inn i lokalt næringsliv.

Det er ein industri som ein ikkje har vist eksisterte tidlegare. I total verdiskapning når ein snart ein halv milliard kroner i utviklingsprosjektet kring Sogndal Skisenter. 

– Politikarane ligg godt framfor og investerar i framtida, dette er kjempebra og fantastisk gode signal. 

Ein må også tenke på at hytteutbyggjarar som bur utanfor regionen, flyttar kontanstraum til Sogndal. Dette gjev daglege og varige inntekter, som gagnar alle i regionen. 


Tenkjer stort

Det er utviklinga Sogndal Skisenter har gjort og synt vilje til å gjennomføre dei seinare åra, som er med til å bidra til at Sogndal Kommune no går inn med auka aksjekapital.

– For vår del er det heilt naturleg å bidra til fortsatt vekst og styrking av Sogndal Skisenter. Den utviklinga som har vore dei siste åra, syner at det er vilje til å tenka stort, samt at ein gjennomfører måla ein set seg.  Tilbodet skisenteret gjev er eit utruleg viktig bidrag for regionen, seier Senea Sabanovic, AP representant i kommunestyret.

Naturleg

Sabanovic seier også at det ligg mykje meir bak reine kroner og ører.

– Eit universielt utforma anlegg tufta på sunne verdiar, er aktivitetskapande for folket. Eit aktivitetstilbod ikkje berre for skientusiastar. Men også i større grad som ein heilårsdestinasjon for framtida. Sogndal har blitt sett på kartet som ein laussnøhovudstad. At ein også kan utvikla anlegget og tilbodet i eit endå større omfang styrkjer også reiselivet og næringslivet lokalt.

Ho legg til:
– Hodlekve har vore og er eit satsingsområde for Sogndal Kommune. Då er det naturleg og løfta skisenteret, samt bidra til denne veksten. Hodlekve er ein destinasjon, anten det er hyttebyggjing eller fine naturopplevingar.

Frivillig løypeavgift gjev betre langrennspor

Førre sesong la me lista høgre enn nokon gong når det gjelder preparering av langrenn- og fjelløypene våre.

Noko me vonar at me skal greie å oppretthalda også denne sesongen, slik at du skal få ei mykje betre skioppleving.

Det er dyrt å preparere løyper.

Dette er ein mykje større kostnad for oss, og for å halde nivået er me avhengig av meir midlar. Difor går utfordringa ut til alle langrennsentusiastar og brukarar av langrennsløpene våre, om å bidra med ei frivillig løypeavgift. Der midlane går konsekvent til den auka frekvensen med preparering.

Me har skissert ein modell:

Kr. 200,- Om ein er brukar av fjelløypene

Kr. 500,- Om ein er brukar av langrennsløypene (5/10km) ein dag i veka.

Kr. 1000,- Om ein nyttar løypene oftare.

Innbetaling kan skje via:

VIPPS: 85540

Eller kontonr: 3720.07.26341 (mrk: løyper)

Neuman Kaupanger blir ny generalsponsor

Lokalt næringsliv går saman for å utvikle Sogndal Skisenter -Hodlekve.

Skisenteret er inne i ei rivande utvikling. Selskapet har ideel føremålsparagraf og eit evt. overskot skal gå attende til drifta av anlegget.

Me nærmar oss no 1. million i årleg støtte frå våre generalsponsorar! ,

Neumann Kaupanger er den største byggevareleverandøren i Hodlekve, og er marknadsleiar i Sogn. Gjennom denne avtalen syner dei at dei har store ambisjonar i høve framtidig utbygging.  Avtalen med Neumann Kaupanger representere godt over ein ein halv million over ei treårsperiode.

Uviklinga i Hodlekve representerer ei formidabel næringsutvikling, dette veit dei mest framoverlente verksemdene i bygda, dermed ynskjer dei å posisjonere seg for framtidig vekst. Seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter- Hodlekve,  Per Odd Grevsnes.

 

Hodlekve er ein viktig marknad for oss i dag, og  skal vere det i åra som kjem.  Det er derfor heilt naturleg at  me går inn og samarbeider med Skisenteret som står i front for utviklinga -  seier salgsleiar Ole Johnny Ålsberg hjå Neumann Kaupanger.

Kaupanger vil snart bli eit sentrum for byggevare i regionen. Dette vil gi oss nye muligheiter samstundes som me og vil merke auka konkurranse.  Me er derfor glade for at me no har fått på plass eit langsiktig samarbeid med Skisenteret,  seier avdelingsleiar Olve Aaberge i Neumann Kaupanger.

Neumann søker no etter nye medarbeidarar :

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=129742957

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=129747400

Sognenett blir ny generalsponsor

Sognenett blir ny generalsponsor !

Sogndal skisenter – Hodlekve er inne i ei rivande utvikling. Selskapet har ideel føremålsparagraf og eit evt. overskot skal gå attende til drifta av anlegget.

Skisenteret skal vere motoren i den vidare utviklinga av anlegget og me ynskjer å utvikle oss til ein heilårsdestinasjon. Samstundes skal utviklinga vår kome folket i regionen tilgode !

-Me er heilt avhengige av lokalt næringsliv for at me skal lukkast med vår drift og utvikling. Det er derfor svært gledeleg å kunne meddele at me i dag har fått endå ein ny generalsponsor med oss på laget. Frå før har Intersport Sogndal og Toyota Sogn gått inn som generalsponsorar. – seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter

Christine Helen Førde er marknadsleiar i Sognenett. Ho fortel at Sognenett heilt sidan starten på utviklinga av hyttefeltet har vore aktive i anlegget. Dei har lagt ned mykje arbeid i infrastruktur. Alle hyttene har no tilbod om å knytte seg til høghastigheitsfiber.

Samarbeidet skal gje gjensidig nytte. Me vil fronte Sognenett gjennom våre kanalar og vidareformidle deira tilbod til våre brukarar. Samstundes vil publikum merke dette ved at Sognenett etablerer gjestenett på utvalgte stadar i skisenteret – seier Grevsnes.

IMG_9829 (1).jpg