Det snør i Hodlekve !

Me har no fått nok snø til at me kan opne heile anlegget på laurdag den 25.11.2017 ! Allereie på onsdag den 22.11 sette me i gang Hodlekveheisen. I god tid før opning kl 10.00 var parkeringsplassen ved SIL-hytta full av forventningsfulle skikøyrarar. Det vart fort kø i skipass så dermed vart portane opna  slik at folk kunne få stå på ski og sleppe å stå i kø. I løpet av dagen klarte me å hjelpe alle slik at i dag er det rekordmange sesongkort som er seldt for å vere i november:-) 

I natt kom det ca 30 nysnø på toppen av Hodlekveheisen. I dag er det veromslag og det er +1 nede ved basestasjonen i Hodlekveheisen. Men allereie i morgon er det meldt kaldare. For oss som driv skisenter er det fantastisk å få snø så tidleg på året. Me jobbar no på med å trakke snøen slik at me får ein god såle å bygge vidare på. 

Så kryssar me fingrane for at pluss går til minus og at me får nytt påfyll med laussnø til helga.

Husk at det er kampanjeprisar fram til den 12. desember.