Hodlekve stengt 5-6 januar

HODLEKVE STENGT I HELGA.
Grunna regn og mildvér stenger me ned heile anlegget laurdag og søndag.

Fredag har det vore sopass kraftig nedsmelting at det ikkje er forsvarleg å halde opne bakkar. Det stikk opp ein god del stein og røter i traseen som utgjer ein risiko. Det er heller ikkje noko snø å ta av ute i terrenget til dosering.

Så me har ikkje noko å hjelpa oss med.

Me beklagar dette på det sterkaste, det dessverre lite me kan gjer med situasjonen. Men me må tenka sikkerheit først. Barnetrekket vert også stengt desverre.

I langrennstrasseen er det byrgja å danne seg overflatevatn og dammar i myrane, soleis vil det ikkje bli preppa opp der i helga.

Me kryssar fingrane for neste helg.