Hugs solkrem i helga!

Har du sjekka vérmeldinga og har du planlagt helga di?  

Me kan melde om fantastiske forhold om dagen. 

Både i langrennsløypene og i nedfartane i Kalvavatni og Rindabotn er det “verdsmeisterføre” seier dei som har vet på det.  

yr.no seier også at dette blir ei framifrå helg.

No er det ikkje lenger bitande kulde i fjellet. Tida er inne for dei flottaste dagane på ski for mange. Kalde netter og bedageleg temperatur på dagen ,er ein uslåeleg kombinasjon. 


Denne helga arrangerer SGNskis ungdomslaurdag. Er du mellom 11-16 år kan du lære nokre nye knep i bakken, med SGN sine teamkøyrarar. Dette er eit særs populært arrangement, og det er begrensa plassar. Denne utgåva er for dei som ynskjer å bli betre i parkkøyring. Les meir og meld deg på her (klikk på teksten):

SGNskis Ungdomslaurdag



Samstundes går årets tradisjonelle FURBERG Banked Slalom. 

Ein snowboardkonkurranse som er eineståande i sitt slag.  Årets konkurranse er også flytta til meir sentrale strøk, og er soleis meir publikumsvenleg. Denne går føre seg i Rindabotn. Les meir nederst i artikkelen her, eller på Furberg si Facebookside.

Gode løyper

Me preppar som vanleg til Høgehaug og langrennspora på morgonane. I bakkane er det silkeføre og kordfløyel som ventar. Kalvavatni er perfekt for familien no. Toyotatrekket har både hopp og humpeløyper.  Trikkeskinner for fjellski og langrenn i langrennsløypene eller til Høgehaug. Det er jo berre heilt fantastisk digg.

Aldri har det vore meir moro å stå på ski enn neste skitur.

Det er no preppa rundløype via Fjærlandsete til Sumhaug og opp til Høgehaug.

Snøbrua over elva ved Sumhaug er litt tynn, så me ber dykk syne aktsemd ved kryssinga der. Me vil freiste å fylle på snø så ofte me har mulegheit. Turen rundt er no på sitt beste!

Aktivitetar og lenger fram

Olafen kjem kanskje på vitjing i Toyotatrekket laurdag. Han er litt redd sol og plussgrader. Men ein veit jo aldri med den karen der.

Neste veke vert det offisiel opning av Dalalåven. Laurdag 13. april blir ein stor festdag hjå oss.

Kaffeen i Dalalåven startar då opp, Intersport Sogndal med dumpingprisar på skiutstyr (røvarkjøp lovar Bjørn Ness). Barneskirenn med Toyota Sogn og mykje meir, står på planen.

Dalalåven vert open heile påsken, me vil snart presentere aktivitetane og tilbodet der for desse dagane. Me kan love mykje moro! Og “Etter fjøstid” som kva dei i andre land kallar Afterski, er blant anna stikkord.


Me minner om at både Fjellsporthytta og Rolfhytta har  førebels ledig kapasitet heile påska.  Ski in/out,

Knallføre og påskekos. Draumepåske, dette bør du unne deg.   Sjå meir her (Klikk på namn) :


Rolfhytta



Fjellsporthytta



Vel møtt til fantastiske dagar på ski hjå oss, for oppdaterte info i helga følg med på Facebook.

Vel møtt og hugs solkrem !


Mobilfotografi frå Høgehaug torsdag 3. april. For ein røynd sjåar og skilaupar så ser ein både fløyel og trikkeskinner. Det er ikkje måte på kor flott det er no.

Mobilfotografi frå Høgehaug torsdag 3. april. For ein røynd sjåar og skilaupar så ser ein både fløyel og trikkeskinner. Det er ikkje måte på kor flott det er no.



Slik står det skrive so han sa. FURBERG BANKED SLALOM no på laurdag. Møt opp, “dassa e galne kara”

Slik står det skrive so han sa. FURBERG BANKED SLALOM no på laurdag. Møt opp, “dassa e galne kara”

Martin Gilleshammer er heise på luftige skiknep. Ynskjer du å bli like god på oppnedfyking og liknandes, anbefalar me at du blir med SGNskis sin skikneplaurdag, om du er mellom 11 og 16 år. De andre får freiste lukka ein annan gong.

Martin Gilleshammer er heise på luftige skiknep. Ynskjer du å bli like god på oppnedfyking og liknandes, anbefalar me at du blir med SGNskis sin skikneplaurdag, om du er mellom 11 og 16 år. De andre får freiste lukka ein annan gong.