Klar for nye villsnødagar

På onsdag dreg me i gang att Rindabotn trekket. Og dermed er Hodlekveskogen lett tilgjengeleg for dei som likar villsnø.  Kåre Kristian Aaberge rapporterer at det er rikeleg med uspora villsnø i områda frå Kongsteinsgjelet og framover i dalen. Vidare er Svartholte eit heitt tips for villsnø elskarar. 

Skrevarslinga tek til den 1. desember. Den finn du på VARSOM.NO , men allereie no vil du finne enkel informasjon om skredfaren i Sogndalsdalen på denne sida. 

Me vil og gjerne at du vert ein aktiv regops'ar  og at du legg inn info om snøtilhøva  når du går på tur. Om ikkje anna kan du vel legge inn eit bilete ? 

PS: Sjølv om det kan vere freistande, må ikkje du eller venane dine parkere i busslommene langs Rv.5 -  Då blir du taua !

 

Fotograf: Åsmund Kongsvik Aall  Skikøyrar: Gunnhild Sofie Vangsnes Location: Svartholten 

Fotograf: Åsmund Kongsvik Aall 

Skikøyrar: Gunnhild Sofie Vangsnes

Location: Svartholten