Langvegsfarande julegjester i Hodlekve

Samme dag som den nye hytta til Rolf Navarsete stod ferdig, stod dei første gjestene klar for innrykk og juleferie i Hodlekve.

JULEFERIE: Dei kom frå Nederland og Tyskland til jule og nyttårsfeiring i Hodlekve.

JULEFERIE: Dei kom frå Nederland og Tyskland til jule og nyttårsfeiring i Hodlekve.







To langvegsfarande familiar frå høvesvis Dresden i Tyskland og Amsterdam i Nederland, reiser til Noreg annankvar jul for ei litt anleis julefeiring. 




Perfekt lokasjon

Denne gongen falt valet på Hodlekve, og skal ein tru gjengen, så blir det ikkje siste gong dei vitjar oss.

– Me hadde nokre fantastiske dagar i Sogndal. Me reiste rundt i regionen, og fekk sett eit vakkert stykke Noreg i vinterdrakt. Ei tid på året der turistmengda er mykje lågare enn på sommaren.  Me var på jakt etter ein roleg og naturnær destinasjon. I Hodlekve fann me kva me var ute etter. Lokasjonen er perfekt for dagsturar i bil. Ein når mykje i mange retningar. Til dømes Nordfjord, Hemsedal, Flåm og Jostedalen var perfekte dagsturar for oss, seier Sven Riedel.

IDYLL: Rolfhytta ligg både sentralt og idyllisk plassert i Fosskamben. Midt mellom skitrekka i Rindabotn og Hodlekve.

IDYLL: Rolfhytta ligg både sentralt og idyllisk plassert i Fosskamben. Midt mellom skitrekka i Rindabotn og Hodlekve.





Trugetur

Det kan seiast å vere ei eksotisk jul for born som veks opp i storbyen. Med eigen juletrehogst, nysnø og skibakken rett nedanfor hytta, fekk familien vinterdraumen oppfylt. Sjølv om Hodlekve har usedvanlig unormalt lite snø på denne tida av året.

– For oss som ikkje er vande med fjell og snø var det magi når me kunne spenne på oss trugene og traske ut på juletrehogst i snøen. At borna kunne få bryna seg i barnetrekket gjorde det heile komplett. Me kjem heilt klart tilbake til Hodlekve om to år når neste Norske jul skal feirast.





Rolfhytta

Hytta som Rolf har bygd i Fosskamben er meint for utleige gjennom heile året. Den stod ferdig 22. desember. Hytta er med sine tolv senger fordelt på fem rom perfekt for storfamilien. Hytta ligg sentralt plassert i Fosskamben, midt mellom skitrekka i Rindabotn og Hodlekve. Ski in/out som dei kallar det. Ynskjer ein eit bad så finn ein god temperatur i den store jauzzien som står få meter frå altandøra.





Rolf traff blink på første forsøk. Hytta har blitt testa ut over ti dagar og bestått testen. Med dei beste skussmåla er lista lagt.

– Det er eit stort potensiale om ein vil leige ut hytter i Hodlekve. Ein ser det over alt at dette er ein trend som er aukande. Det er viktig for oss å ha tilbod om utleige og ha varme senger. Hytta til Rolf er eit klassisk godt eksempel på kva verdi dette har. Det handlar like mykje om verdiane kring trivsel som det økonomiske. Det er ein vinn vinn situasjon når me kan gjere andre glad og fornøgde. Den beste reklamen får me av gjestene. Når dei etter første besøk allereie sikta seg inn på eit nytt besøk om to år. Så seier det oss mykje at me gjer noko riktig. Det er det som driv oss, det er der verdiane ligg, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal Skisenter Hodlekve. 

Sjå fleire bileter, klikk her.

Ynskjer du å leiga Rolfhytta kan du gjer det her.

KLAR: Hytta til Rolf stod klar 22. desember. Romsleg hytte med god plass til 12 personar

KLAR: Hytta til Rolf stod klar 22. desember. Romsleg hytte med god plass til 12 personar





PRAKTISK: Romslig og praktisk kjøkenløysing. Kokken kan ha fokus på maten.

PRAKTISK: Romslig og praktisk kjøkenløysing. Kokken kan ha fokus på maten.

KVILE: Utsikt til innsikt. Det er lett å skjønne at ein finn roen i Fosskamben.    Sjå fleire bileter og leig hytta her.

KVILE: Utsikt til innsikt. Det er lett å skjønne at ein finn roen i Fosskamben.

Sjå fleire bileter og leig hytta her.

STABBUR: Stabbur anno 2019 Sentralt plassert med god plass.    Sjå fleire bileter og Ynskjer du å leiga Rolfhytta kan du gjer det her.

STABBUR: Stabbur anno 2019 Sentralt plassert med god plass.

Sjå fleire bileter og Ynskjer du å leiga Rolfhytta kan du gjer det her.

KONTROLL: Frå kjøkenet har ein full kontroll. Ein treng ikkje rope høgt på kjøkenassistentane..    Ynskjer du å leiga Rolfhytta kan du gjer det her.

KONTROLL: Frå kjøkenet har ein full kontroll. Ein treng ikkje rope høgt på kjøkenassistentane..

Ynskjer du å leiga Rolfhytta kan du gjer det her.

FOSSKAMBEN: Rolfhytta ein plass ein kan bli vand med.      Ynskjer du å leiga Rolfhytta? Kan du gjer det her.

FOSSKAMBEN: Rolfhytta ein plass ein kan bli vand med.

Ynskjer du å leiga Rolfhytta? Kan du gjer det her.