Laussnøhunden Eirik(4) er på plass

Eirik og besten. Er begge innrullert i ordninga, laussnøfri. Når det er gode forhold er det fri frå både hus, heim, jobb og barnehage.

Eirik og besten. Er begge innrullert i ordninga, laussnøfri. Når det er gode forhold er det fri frå både hus, heim, jobb og barnehage.

Me opna med eit fint lite snødump!

Onsdag 16. januar starta me endeleg opp Rindabotn og Kalvavatni for sesongen.

Det har snødd jamnt siste dagane, og kveldskøyringa i går synte gode teikn til kva dei første laussnøhundane hadde i vente onsdagen.

I Sogn har det lenge vore ein kultur at studentar får “godkjendt fråvær” når det dumpar i dalen. Den samme ordninga har fleire arbeidsgjevarar i Sogndal også innført. Siste nye no er barnehagen.

Tøffing på ski.

Fire år gamle Eirik er allereie ein etablert laussnøhund for å rekna. For det er akkurat der han trivst best. Utanfor løypa i tørr fin laussnø. So ofte som mogleg.

Og like sjølvsagt som når dei to trekka i Sogndal Skisenter som innbyr til mest laussnø opnar, er det like sikkert at Eirik er på plass når han kan. Då får det vere nett kva dag som helst. Det viktigaste først, turr fin ny laussnø.

– Dette har eg gleda meg til. No skal eg opp å gønna pao, ned laussnøen saman med besten. Så då måtte eg ha fri i dag, seier Eirik.

Gode forhold framover

Me har no knall forhold både i dei preppa bakkane, og det er byrja å syne gode gamle takter ute i terrenget. Vinteren kom seint, men godt. Me er i gang for fullt. Vérmeldingane ser også gode ut. Du veit kest me er, og det er snart helg.

Vel møt til skileik du også,

Sogndal Skisenter “ein godkjendt grunn for fråvær” på skule, jobb og barnehage .

Snakkast i bakken !

Mykje folk då Rindabotn starta opp for første gang denne sesongen

Mykje folk då Rindabotn starta opp for første gang denne sesongen

Skjermbilde 2019-01-16 kl. 11.08.13.png