Laussnøbuss til helga ?

Me vil gjerne vite om du har planer om å ta laussnøbuss til helga:) 

Det kom ca 15 cm med tørr villsnø på onsdag. Til helga er det meldt 12-13 minusgrader på laurdag og minus 7- 8 på søndag, så snøen blir bra! Med ein balaklava over nasen er det berre å gi gass ! 

Men me er altså litt i tvil ....

meld di interesse her : 


Det er flott å få innspel då bussen kostar vel 6000,- pr dag som skisenteret må gi i garanti, for at Nettbuss skal kjøre ruta. Dermed bør bussen vere minst halvfull på alle turane om dette skal gå rundt. Førre helg var det mange som nytta privatbil parallelt med at laussnøbussen gjekk. Me såg og at nokre snudde på vegen, dette bør det ikkje gjere! Fint og om de nyttar bussen når den først går, så kan me gjere dette oftare. 

Prisar på bussen frå og med neste gang : 

Skibuss Sogndal – Hodlekve 50,- (går fast i frå 6.Januar i helgane, elles berre når det er laussnøbuss) 
Skibuss Hodlekve – Sogndal 50,- (går fast i frå 6.Januar i helgane, elles berre når det er laussnøbuss)
Laussnø enkeltbillett 70,-
Laussnø dagskort 100,- 
Laussnø helgekort 150,-

Me annonserer om bussen skal gå på fredag ettermiddag :-)