Lengre dagar meir vinter - Snart helg!

Har du sett, mars månad allereie.

Det betyr lengre dagar med lys. Ein rekk så mykje meir.

Ein treng ikkje rase ut dørene grytidleg for å nytta dagslyset om ein skal på skitur. 

For på ski må ein jo. Det er jo vinter endå. I allefall her hjå oss. Her er det full vinter. Herlege dagar.

Denne veka har me, og får me, påfyll av herleg nysnø. 

Skal me tru på yr.no så får me fyllt på snøkontoen med ei god knehøgd ferskvare ovanfrå.

Laurdag ser ut til å bli ein særs flott dag på ski. Nysnø på plass, sol og herlege minusgrader. 

Meldingane frå folk som har vore i fjellet seier at ein finn mykje god snø om dagen. Berre å leite på rette stadene og passa seg i bratta. Varsom.no gjev ein god peikepinn som eit godt utgangspunkt når ein skal planlegga tur.

Til helga er alle bakkar opne 10.00 -16.00 og det er knall forhold.

Me preppar fjelløype til Høgehaug, og langrennsløypene. Særs gode forhold også her.

Søndag vert det skirenn. SSF Cupen langrenn som opprinneleg skulle gå i i Hyen er flytta til Hodlekve, grunna snøtilhøva, LES MEIR HER: SSF CUP

Skibussen går frå Sogndal Skysstasjon kl 11.00 med retur frå Rindabotn kl. 16.00, den stoggar også lenger nede på stoppsignal.

Vafler og kakao i SIL-hytta er eit must. I Rindabotn finn du eit framskutt pølseKO hjå Vetle Lisebu.

Nokre av hyttene har også ledig kapasitet til helga.

Kva som er tilgjengeleg finn du her: airbnb

Ein fjelltur mot Høgehaug er aldri feil. Per Odd´s turtips nummer ein: Ta alltid med nok sjokolade (Foto: Håvard Nesbø)

Ein fjelltur mot Høgehaug er aldri feil. Per Odd´s turtips nummer ein: Ta alltid med nok sjokolade (Foto: Håvard Nesbø)

Martin Gilleshammer nyttar alltid nysnøen fullt ut ( Foto: Håvard Nesbø)

Martin Gilleshammer nyttar alltid nysnøen fullt ut ( Foto: Håvard Nesbø)