Lyset i langrennsløypa

I Hodlekve har me ei lysløype på 5 km. Lysløypa vert normalt preppa til kl 16 på kvardagar og kl 10 i helgane.  Nokre dagar, hovudsakeleg onsdagar vert løypa preppa kl 0800 om morgonen, dette fordi Sogndal Vidaregåande skule har idrettselevar som har langrennstrening. På desse dagane vert ikkje løypa preppa på ny kl 16 utan det er naudsynt. 

Lyset må aktiverast. 

På parkeringa ved SIL-hytta er der ein stolpe med ein trykknapp på. Denne aktiverer lyset i lysløypa. Lyset kan aktiverast frå kl 16.00 og slår seg automatisk av kl. 22.00

Husk at det er betaling også på kveldstid for parkeringa ! (easy:park 6925) 

Trykk på knappen - så aktiverer du lyset i langrennsløypa.

Trykk på knappen - så aktiverer du lyset i langrennsløypa.