MAGISK HELG og meir skal det bli!

For dei som er på besøk hjå oss i helga så veit dei godt kva me pratar om.

Med forholda som er no kan det knapt bli betre i fjellheimen.

Nattefrost sørgar for at snøen set seg, sola tinar den opp i herleg påskeslush, før det frys til att når sola takkar for dag.

Dagane er lysare og lengre. Det er ein eigen sjelefred i fjellet no. I bakkane og løypene våre kan du stå trygt på ski utan å tenke skredfare.

Vérmeldingane framover er også på vår side. Me skal nytta veka som kjem godt, det er i allefall sikkert.

Laurdagen vår kort oppsummert var slik:

(Alle foto: Håvard Nesbø)

Folkefjellet Blåfjell laurdags formiddag.

Folkefjellet Blåfjell laurdags formiddag.

Andrea Mo Dalatun, sikra seg siste rest av solstrålane på Høgehaug kokka 19.45 laurdagskvelden.

Andrea Mo Dalatun, sikra seg siste rest av solstrålane på Høgehaug kokka 19.45 laurdagskvelden.

Are Moníz Wergeland testar utleigeski og ustyr frå Intersport Dalalåven.

Are Moníz Wergeland testar utleigeski og ustyr frå Intersport Dalalåven.

Kombinasjon sol, plussgrader, og kalde netter. Den perfekte vårskikøyringa. Fjedle kadlar og eg lyte gao.

Kombinasjon sol, plussgrader, og kalde netter. Den perfekte vårskikøyringa. Fjedle kadlar og eg lyte gao.