Nordbohus sykkelpark offisielt opna. 


– Endeleg. Dette er ein milepæl for oss. Med ei ny lågterskel sykkelløype sentralt i anlegget, så er me verkeleg i gang med det som er ein heilårsdestinasjon i Sogndal Skisenter.

Det seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter Per Odd Grevsnes. Søndag 18. august vart Nordbohus sykkelpark offisielt opna av ordførar Jarle Aarvoll.  Den 1,2 kilometer lange rundløypa er eit lågterskel sykkeltilbod  lett tilgjengeleg og sentralt tilrettelagt i Rindabotn.

God start
Sogndal Skisenter har som målsettjing å utvikla seg vidare. Ikkje nødvendigvis bli størst. Men heller gode på det ein har. Gjerne utvikla området til ein skala som er berekraftig nok for at området skal kunne tilby aktivitetar gjennom heile året.

–Ein kan sjå på det som eit tilrettelagt rekreasjonsområde. Eit tilrettelagt område som frontar folkehelse, skapar sunne verdiar. Frontar skisport og gjer det enklare for fleire å ta del i friluftsliv og aktivitetar heile året. Dette greier me med at ein kan tilby fleire universelt uforma tilbod i forskjellig skala. Til dømes ei sykkelløype som me no har fått på plass. Dette er berre starten, forklarar Grevsnes.

Viktig

Skal utviklinga i Sogndal Skisenter halde fram er ein avhengig av gode samarbeidspartnarar.  Synergiane frå kvar enkelt og det ein i lag kan gje, gjer at det ikkje berre er skisenteret som utviklar seg positivt, men også regionen.

– Skal Sogndal vekse vidare så må det vere ein attraktiv plass å bu. Eit aktivt miljø kring Sogndal Skisenter er eit positiv og viktig bidrag i den retninga, hevdar Dag Loftesnes hjå Nordbohus Sogn. Som legg til:

– Me i Nordbohus Sogn, er ein bustad og hytteleverandør, som ynskjer å tilby eit mangfald utval som dekkjer alle behov. Me ynskjer å vere ein del av denne positive utviklinga ein ser i Sogndal Skisenter. Både for skisenteret sin del men også innan hyttemarknaden. Me føler det er eit naturleg val for oss å bli med på laget.

Samhald

Nordbohus Sogn, er siste nyteikninga av viktige samarbeidspartnarar for Sogndal Skisenter. Verksemda har tilhald på Kaupanger og er til liks med skisenteret inne i ei positiv utvikling. 

– At me kan møtast på ein felles arena, spele kvarandre gode. Dra framtidslasset saman, gjer til at me får eit større spelerom. Me skapar positive synergiar saman. Dette blir også synleg utanfor kommunegrensene, og fleire ser til oss, seier Grevsnes. Han fortset:

– Den nye sykkelstien er det første solide provet på at me dreg i riktig retning. Hodlekve sommar og vinter. Hodlekve heile året. Me gler oss til fortsettelsen, me gler oss til framtida. No er sommaren sakte men sikkert på hell. Me har ein nyplanert skibakke som ligg og ventar på snøen. Men innan den kjem så kan ein sykle heile døgeret i Nordbohusløypa. Hugs hjelm og god tur.

Nordbohus Sykkelpark i Sogndal Skisenter

Nordbohus Sykkelpark i Sogndal Skisenter

Rundløypa er på 1,2 km. Svingane som du ser på biletet er delen som tek ein til toppen. Oppover delen har ikkje meir enn 3% stigning. Slik kan dei heilt små også fint sykle seg til topps.

Rundløypa er på 1,2 km. Svingane som du ser på biletet er delen som tek ein til toppen. Oppover delen har ikkje meir enn 3% stigning. Slik kan dei heilt små også fint sykle seg til topps.

Her ser ein delar av nedoverdelen. Med 5% helningsgrad er det ikkje for bratt, heller ikkje for slakt. Fine kurver og doseringar gjer det til ei artig løype for alle. Nivået bestemmer farten.

Her ser ein delar av nedoverdelen. Med 5% helningsgrad er det ikkje for bratt, heller ikkje for slakt. Fine kurver og doseringar gjer det til ei artig løype for alle. Nivået bestemmer farten.

Bli ein god syklist i trygge omgjevnader. Den nye løypa er tilrettelagt for born i alle aldrar

Bli ein god syklist i trygge omgjevnader. Den nye løypa er tilrettelagt for born i alle aldrar

–Som sagt små og store born

–Som sagt små og store born

Stor aktivitet både i og utanfor løypa

Stor aktivitet både i og utanfor løypa

Mykje folk samla utanfor Dalalåven. Den nye heilårs møteplassen i Sogndal.

Mykje folk samla utanfor Dalalåven. Den nye heilårs møteplassen i Sogndal.