Ny park, gnistrande fjelløyper og to bussar i Hodlekveskogen!


Ny park, gnistrande fjelløyper og to bussar til laussnø i skogen!

https://www.friflyt.no/Ski/Sogns-beste-park

Denne helga er Sogndal skisenter Hodlekve så bra som me kan bli!  Trakkemaskinsjåfør Adrian Krohn Tøien med venner har brukt ledige stunder den siste månaden på å lage park.  Me er ikkje ferdig, men no til helga er det meste klart !  Noko liknandes, og med slikt høgt nivå har det aldri vore i fylket før!

 

Fjelløypene er no i superklassen og blitt endå lengre! Du kan om du vil gå ca 20  km klassisk hjå oss, så kan du ta av mellom Sumhaug og Fjærlansdssete og ta turen ned Njøsadalen og legge på nye 10,5 km.  i tillegg er løypa frå Øvstedalen (6 km)  kobla på nettverket, ved Fjærlandsete. Området er heilt fantastisk.

 

I skogen er det botnlaust med uspora i mengder, og me set inn ein ekstra buss (fotball bussen) på laurdag, med første avgang i frå Selseng kl 11.00 Vidare går fotballbussen i shuttle med siste avgang frå Selseng kl. 15:30.

 

Laussnøekspressen køyrer som første tur frå Selseng ca. kl 12.00 . Vidare 13.30, 14.30 og 15.30.

 

På sundag går laussnøekspressen frå Selseng

kl 12.00 . Vidare 13.30, 14.30 og 15.30.

 

Prisar på bussen:

Skibuss Sogndal – Hodlekve kr. 50,- (kl 11.00 i helgane)

(Startar på Helgheim så busstasjonen)

 

Skibuss Hodlekve – Sogndal kr. 50,- (kl. 16.00 i helgane)

 

Laussnø enkeltbillett kr. 70,-

Laussnø dagskort kr. 100,-

Laussnø helgekort kr. 150,-

 

Vetle Lisebu sel laussnøpølser, og villsnøvafflene får du kjøpt i cafeen. Er kneistrande forhold i alpinbakkane.

Den store konkurranse blir og smile om Kapp med sola.

Vel møtt det blir kjekt og sjå dykk att.