Nysnø og helg!

Denne veka har me fått 25-30 cm påfyll totalt med nysnø.

Det gjorde særs godt.

Det har vore draumedagar på både bort og nedover ski for dei som har hatt anleding til å komme seg ut denne veka. Me ser på Yr.no at helga kan også bli heilt ok.

Me preppar sjølvsagt til Høgehaug, og langrennsløypene. Desse skal vere klare når du kjem på vitjing frå klokka 10.00 laurdags morgon.

Bakkane skal også ha cordfløyelen flott linja opp til deg seier trakkemaskinsjåførane våre. 

Denne helga har me opent 10.00 -16.00 

Fredag er det også kveldskøyring i Hodlekve frå 18.00 -21.00

SIL-hytta står med vidåpne dører og ynskjer deg velkomen for ei vafle og meir. 

Skibussen går frå Sogndal Skysstasjon kl. 11.00 med retur frå Rindabotn kl. 16.00. Den stoggar også lenger nede på stoppsignal. 

Me kryssar fingrane for at langtidsvarselet sler inn, då blir det ein aldri så liten laussnøbonanza neste helg, så følg med.

I helga kjem SGNskis på vitjing.

Dei køyrer ei ny runde med suksessarrangementet Ungdomslaurdag.

Eit arrangement for dei minste råskallane mellom 11-16 år som vil bli betre på ski utanfor løypene.

Det er fortsatt nokre fåe plassar att på kurset, les meir på SGN sine heimesider  her: SGNskis.com

Ledige hytter.

Ynskjer du å bu ei helg på på fantastisk flotte hytter i Sogndal Skisenter, så er der fortsatt ein del ledige datoar framover. Du finn di draumehytte her: Airbnb


Me minner også om at laurdag 30. mars kjem Sognenett på vitjing. Det blir ein av sesongens høydare for dei minste. Sognenett lovar leik og moro i Rindabotn, og stiller med premiar, konkurranse. Med seg på laget har dei fått Lerum.

Så hald av datoen 30. mars. Meir info kjem fortløpande.


God helg til deg,

Og du? Du er hjarteleg velkomen til oss denne helga også.


Are Moniz Wergeland braut lydmuren ned Rindabotn tidlegare i veka. Foto: Janni Røssevold)

Are Moniz Wergeland braut lydmuren ned Rindabotn tidlegare i veka. Foto: Janni Røssevold)