Påske og opning av Dalalåven

Om det ikkje kunne bli betre enn desse dagane med fantastisk sol og snøforhold. Så toppar det heile seg til helga. Der i frå blir det til at me “sørfar” oss gjennom påsken 2019 med stil, smil og solfaktor.

Aldri før har det vore so mykje på plakaten i ei påskeveke hjå oss.

Utsiktene tilseier at dette kan bli tiårets påskeveke.

Sjå berre her:


Laurdag 13. april kl.14.00, opnar me Dalalåven i Rindabotn. Og du er velkomen!

Ein milepæl for oss, og ikkje minst ein milepæl spesielt for lokalbefolkninga som er mykje på besøk hjå oss.

Me håpar at med Dalalåven så vil det opne opp for at endå fleire nyttar området, om ikkje berre enn for ein kaffi m.m.

Det knapt eit tusen kvadratmeter store bygget skal vere ein møteplass for alle. I første omgang er det Kafeen og Intersport Sogndal sin skiutleige og skikortsalg som blir tilgjengeleg. Men om ei stund vil endå fleire delar stå ferdig. Her blir det møtelokaler, og konferanserom tilgjengeleg for utleige. Tenk deg kombinasjonen ski, jobb og god mat. Ei aktiv og kreativ avkopling i arbeidsdagen. Antalet utleigehytter er no so høg at det er plass til mange i Sogndal Skisenter. Alle hyttene har høg standard. Det er tid for firmasamlingar, møter, firmafestar, workshops. Ein får alt ein treng på ein plass.

– Per Odd Grevsnes, Dagleg leiar, Sogndal Skisenter Drift AS–

Kafeen vert open kvar dag heile påsken.

Utover kveldane i påskehelga vert det også konsertar, quiz og kva me kallar “Etter Fjøstid”.

Ein slags fjøspub. ( sjå fullstendig program lenger nede i artikkelen)

På dagen vert det mogleg å handla diverse kafévarer inne i kafeen. Utanfor held Lise fyr i grillen kvar dag. Ein treng ikkje reisa svolten heim etter nokre timar eller ein dag i bakken og løypene hjå oss.

Forholda er fantastisk gode hjå oss no. Vêrmeldingane lover sol kvar dag i ei veke framover. Dette for mange den flottaste tida i året på ski.

SKIRENN FOR BORNA

Laurdag vert det barneskirenn med Toyota Sogn i Toyotatrekket. Eit lågterskeltilbod for dei minste. Er ikkje krabaten stødig nok på ski så kan sjølvsagt ei vaksa hand hjelpa til. Det er fokus på meistring og skiglede, ikkje nokon krav til dugleik eller konkurranse om førsteplass. Deltakarpremiar blir det til alle. Øvinga er portkøyring, små hopp og ei humpeløype. Tonje Norheim Tangerud og gjengen, lagar til artige element i bakken. Gjengen på Toyota blir å treffe, og ein kan sjå nærmare på det nyaste nye frå bilmerket. Dette vert stas!

Har du ikkje lagt påskeplanane dine endå? Ta ein tur til oss då vel.

Det er fortsatt ledige hytter i påsken. Du finn di draumehytte her: airbnb

Påskeprogram Sogndal Skisenter og Dalalåven

  • 13. april:

Me ynskjer velkomen til offisiell opning av den nye møteplassen i Sogndalsdalen, Dalalåven. 

Kafeen er open frå kl. 10.00, det vert i tillegg grilling ute heile dagen.

Offisiell opning kl. 14.00

I samband med opninga av Dalalåven inviterer Intersport Sogndal til tidenes skisal.  Toppturski, topptursko og fjellski. Med opptil 50% rabatt.

I Dalalåven finn ein også Intersport Sogndal sin nye mini sportsbutikk Her er  også skiutleige og sal av heiskort.

Toyota Sogn inviterer til skidag for born. 

Frå klokka 12.00 - 14-00 blir det skileik og aktivitetar for dei minste i Toyotatrekket. Deltakarpremier til alle. Og Olafen kjem sjølvsagt på besøk. Møt gjengen frå Toyota for ein påskebilprat.

Etter stengetid i skisenteret vert det Fjøspub eller «Etter Fjøstid» so me kallar det. Fram til kl.24.00 i kafeen.

  • 14. - 15. - 16. april:

Skisenter og Dalalåven: opent kl. 10-16

I Dalalåven får du mellom anna kjøpt toast, suppe, kald og varm drikke. sandwitch, fersk gjærbakst, vafler, heimebakte kaker. Lise grillar kvar dag utanfor. Sol ute sol inne.

  • 17. april:

Skisenter: 

Opent  kl. 10 -16

Dalalåven: 

Opent  kl. 10 -24 ( Etter fjøstid frå kl. 18)

Kl. 20: Konsert med Gunn Marit Kvåle & Ronja Bøe Øygard m/band

  • 18. april (Skjærtorsdag):

Skisenter: 

Opent kl. 10 - 16

Raude Krossen grillar ved Britabu

Dalalåven: 

Opent kl. 10 -24 (Etter fjøstid frå kl. 18)

Quiz: kl. 20. (Quizmaster Per Christian Løberg)

  • 19. april (Langfredag):

Skisenter:

Opent kl. 10 - 16 

SOGNASLALOM

Paralell storslalom 

Start kl 12.00, påmelding i målrområdet (Rindabotn mellom 11-12)  

Ein lågterskel skikonkurranse, er du betre en dei andre i familien, betre enn naboen. 

Finn det ut i løypa. 

Arrangør er Sogndal Alpint.

Dalalåven:

10 - 01 (Etter fjøstid frå kl. 18)

Konsert på kvelden, Dag Skram med vener. Gamalpop og Viserock.

  • 20. april (Påskeaftan):

Skisenter:

Opent 10 - 16 

Dalalåven: 

Opent 10 -01 (Etter fjøstid frå kl. 18)

Konsert på kvelden Gunnar Yttri/Billa & The Kid

  • 21. & 22. april (1 & 2 Påskedag):

Skisenter:

Opent 10 - 16

Dalalåven:

Opent 10 -16 

SIL-hytta er stengt desse dagane. Skibussen er også slutta for denne sesongen. Begge Hodlekvetrekka er stengt for sesongen. Men det er knall forhold i Holentrekket,  Toyotatrekket, Kalvavatni og i langrenn og  fjelløypene.

Vel møtt til gode dagar hjå oss!

Skjermbilde 2019-04-09 kl. 13.56.42.png

Moro heile påska. Konsertar, quiz, skirenn, fjøspub og sol. Its a match! 


Livleg utanfor Dalalåven under årets Fjellsportfestival. No satsar me på liv og røre også innandørs.                     Foto: Håvard Nesbø

Livleg utanfor Dalalåven under årets Fjellsportfestival. No satsar me på liv og røre også innandørs. Foto: Håvard Nesbø




Draumeføre og draumepåske. Alt no er det høgfjellskos av ypparste klasse hjå oss.  På Ski: Andrea Mo Dalatun    Foto: Håvard nesbø

Draumeføre og draumepåske. Alt no er det høgfjellskos av ypparste klasse hjå oss.

På Ski: Andrea Mo Dalatun Foto: Håvard nesbø

Påskeslush. Det er også kva ein kallar verdsmeisterføre. Slik var det i bakken på laurdag. Og slik blir det ei veke til, minst. På ski: Are Moníz Wergeland     Foto: Håvard Nesbø

Påskeslush. Det er også kva ein kallar verdsmeisterføre. Slik var det i bakken på laurdag. Og slik blir det ei veke til, minst. På ski: Are Moníz Wergeland Foto: Håvard Nesbø