Skibussen og Laussnøbussen går denne helga!

Nettbuss set opp laussnøbuss frå Selseng denne helga, på sundag den 8.januar kjører bussen frå Selseng til desse tidene : 12:00 13:30 14:30 15:30. 

Me har høve til å supplere med ein ekstra buss om det blir mange som tek turen.  Husk at bussen berre stoppar i busslommene, og at me ikkje ynskjer skiløparar i vegen. Om du kjem ned til vegen der det ikkje er busslommer, ynskjer me at du nytter skia og stakar deg på brøytekanten.

Denne helga er der Rindabotn og Hodelkveheisen som er ope i tillegg til barnetrekket. I Kalvatniheisen har vinden reist med all snøen, så der klarer me diverre ikkje å opne før me får meir snø.

Merk tida på skibussen i frå Sogndal!
Det går og buss i frå Sogndal sentrum kl 11.00 med retur frå Rindabotn og SIL-Hytta kl 16.00 (16:05)  Avgangen er ein time seinare enn i fjor. Me vonar dette gjer at fleire nyttar bussen då trafikkgrunnlaget i fjor var marginalt.