Regnet gav oss utfordringar

Regnet som kom den 30.12.16 har gitt oss utfordringar. Vatnet har samla seg opp i dammar og danna elvar i traseen. Dammane må drenerast og elvløpa må stengast.  Me har prøvt å ta vare på snøen gjennom å drenere vekk vatnet på dei mest kritiske plassane, likevel er det slik at me treng kulde før me kan byrje å bearbeide bakkane igjen. Diverre er det slik at også barnetrekket er råka av vatnet og me må samle saman meir snø for at me kan opne det opp att. 

Langrennsløypene vert trakka i morgon tidleg den 1.Januar. 

Me legg opp til at me kan opne for kveldskøyring på tysdag , men Rindabotn treng litt meir snø før at me kan opne, gladmeldiga er at det har byrja å snø på toppen og i dagtidleg låg der ca 10 cm med nysnø :-) 

Me ynskjer alle våre kundar eit retteleg Godt Nytt År ! 

Rindabotn 30. Desember

Rindabotn 30. Desember