opning

Velkomen til paradis

Med 180 cm snø ynskjer vi alle velkomen til Sogndal Skisenter!

Fredag er Hodlekvetrekket ope, frå 10-16.

Laurdag er Rindabotn også ope og etter ei veke med mykje laussnø, kan ein bare drøyme om kor mjukt det ska bli. 

Sundag er alt ope, og julenissen kjem i barnetrekket! Kanskje ein godsak på lur til dei minste.  

Skibussen går som vanlig og laussnøekspressen går laurdag og sundag!  

Viktig at ingen parkerer i busslommene på RV 5, då brøyting må gjerast for at ekspressen kan plukke opp frikøyrarere.  

Ein godbit frå torsdagens tur av Øystein Uglum Henjum i hodlekveskogen; foto; Bård Basberg

 

image.jpg