Tysdag er det aktivitetsdag for alle: Fjord1 Attacking Vikings

Tysdag kl.  12.00-15.00

Eit arrangement i uformelle rammer med fokus på skiglede for born. Arrangementet har fokus på å ufarleggjere alpint som konkurranseform med bruk av terreng som aukar basisferdigheitene på ski. Mest mogleg aktivitet, utfordring, meistring og glede.

Parksjefen vår har laga minipark i barnebakken under kyndig leiing av Skiforbundet. Me har og laga til parallelslalåm med kurver og hopp, 

Skiforbundet stiller med eit sterkt team i morgon som vil vere med å motivere for leik og moro. 

Dette er  Jo Mork , Indrid Narum,  Amund Hjermstad-Sollerud

Arrangementet er ope for born og ungdommar frå nybyrjar til proff !   

Det er ingen påmelding for å delta. 

Vel møtt.