Aktuelt

Nysnø og helg!

Denne veka har me fått 25-30 cm påfyll totalt med nysnø.

Det gjorde særs godt.

Det har vore draumedagar på både bort og nedover ski for dei som har hatt anleding til å komme seg ut denne veka. Me ser på Yr.no at helga kan også bli heilt ok.

Me preppar sjølvsagt til Høgehaug, og langrennsløypene. Desse skal vere klare når du kjem på vitjing frå klokka 10.00 laurdags morgon.

Bakkane skal også ha cordfløyelen flott linja opp til deg seier trakkemaskinsjåførane våre. 

Denne helga har me opent 10.00 -16.00 

Fredag er det også kveldskøyring i Hodlekve frå 18.00 -21.00

SIL-hytta står med vidåpne dører og ynskjer deg velkomen for ei vafle og meir. 

Skibussen går frå Sogndal Skysstasjon kl. 11.00 med retur frå Rindabotn kl. 16.00. Den stoggar også lenger nede på stoppsignal. 

Me kryssar fingrane for at langtidsvarselet sler inn, då blir det ein aldri så liten laussnøbonanza neste helg, så følg med.

I helga kjem SGNskis på vitjing.

Dei køyrer ei ny runde med suksessarrangementet Ungdomslaurdag.

Eit arrangement for dei minste råskallane mellom 11-16 år som vil bli betre på ski utanfor løypene.

Det er fortsatt nokre fåe plassar att på kurset, les meir på SGN sine heimesider  her: SGNskis.com

Ledige hytter.

Ynskjer du å bu ei helg på på fantastisk flotte hytter i Sogndal Skisenter, så er der fortsatt ein del ledige datoar framover. Du finn di draumehytte her: Airbnb


Me minner også om at laurdag 30. mars kjem Sognenett på vitjing. Det blir ein av sesongens høydare for dei minste. Sognenett lovar leik og moro i Rindabotn, og stiller med premiar, konkurranse. Med seg på laget har dei fått Lerum.

Så hald av datoen 30. mars. Meir info kjem fortløpande.


God helg til deg,

Og du? Du er hjarteleg velkomen til oss denne helga også.


Are Moniz Wergeland braut lydmuren ned Rindabotn tidlegare i veka. Foto: Janni Røssevold)

Are Moniz Wergeland braut lydmuren ned Rindabotn tidlegare i veka. Foto: Janni Røssevold)






LAUSSNØEKSPRESSEN RULLAR I HELGA

LAUSSNØEKSPRESSEN GÅR I HELGA !

Det er endeleg gode forhold borte i skogen seier speidarane våre.  Me kan ikkje love den absolutt djupaste dagen. Men når Per Øvreseth seier me skal køyre buss, så gjer me det. 30-40 cm. er nok innafor.

Laussnøbuss enkeltbillett 70,-

Laussnøbuss dagskort 100,-

Laussnøbuss helgekort 150,-

Du kjøper billett på bussen. 

=========

Start tid frå Selseng - (tidene er tentative) - Ved full buss går bussen kontinuerlig 

Laurdag og sundag 

12:00 13:30 14:30 15:30

Me minner om:

Skredfare, og at all ferdselt utanfor preparert område er på eige ansvar. Ikkje gå ut i vegen men ta deg fram opp på brøytekantane til nærmaste busslomme.


LAUSSNØBUSSEN OG TRAFIKKTRYGGLEIK

Laussnøbussen er i full drift denne helga, laurdagen kjørte me delvis med to bussar. 

Langs riksveg 5 er det mykje trafikk og fartsgrensa er 80 km/t.  For å ungå farlige situasjonar ber me derfor alle om å ta førehandsreglar:  

  • Gå opp på brøytekantar til nærmaste busslomme, bussen stoppar kun i desse.

  • Ikkje gå ut i vegbana når de står på busslommene og ventar !

Aktiv laurdag med speidaren

Speidaren har tradisjon med ei samlingshelg i Hodlekve kvar vinter. I år ingen unntak.

Laurdag 9. mars inviterer dei til skiskyting, kaffi og saft.

Lavvoen er også sjølvsagt på plass bak SIL-hytta.


Skiskytinga vert som tidlegare borte ved langrennsstadion. Alle som vil kan få prøva seg, både gamal og ung. Er du den mest treffsikre?


Med kveik i bålpanna, kaffi og saft er det muleg for ein god prat utanfor SIL-hytta. Raude Krossen og speidaren har også noko på gang.


Vel møtt!

Helsing

Speidargruppa


Miniskiskyting er populært. Er du den nye Bjørndalen ellerFlatland?

Miniskiskyting er populært. Er du den nye Bjørndalen ellerFlatland?




Lengre dagar meir vinter - Snart helg!

Har du sett, mars månad allereie.

Det betyr lengre dagar med lys. Ein rekk så mykje meir.

Ein treng ikkje rase ut dørene grytidleg for å nytta dagslyset om ein skal på skitur. 

For på ski må ein jo. Det er jo vinter endå. I allefall her hjå oss. Her er det full vinter. Herlege dagar.

Denne veka har me, og får me, påfyll av herleg nysnø. 

Skal me tru på yr.no så får me fyllt på snøkontoen med ei god knehøgd ferskvare ovanfrå.

Laurdag ser ut til å bli ein særs flott dag på ski. Nysnø på plass, sol og herlege minusgrader. 

Meldingane frå folk som har vore i fjellet seier at ein finn mykje god snø om dagen. Berre å leite på rette stadene og passa seg i bratta. Varsom.no gjev ein god peikepinn som eit godt utgangspunkt når ein skal planlegga tur.

Til helga er alle bakkar opne 10.00 -16.00 og det er knall forhold.

Me preppar fjelløype til Høgehaug, og langrennsløypene. Særs gode forhold også her.

Søndag vert det skirenn. SSF Cupen langrenn som opprinneleg skulle gå i i Hyen er flytta til Hodlekve, grunna snøtilhøva, LES MEIR HER: SSF CUP

Skibussen går frå Sogndal Skysstasjon kl 11.00 med retur frå Rindabotn kl. 16.00, den stoggar også lenger nede på stoppsignal.

Vafler og kakao i SIL-hytta er eit must. I Rindabotn finn du eit framskutt pølseKO hjå Vetle Lisebu.

Nokre av hyttene har også ledig kapasitet til helga.

Kva som er tilgjengeleg finn du her: airbnb

Ein fjelltur mot Høgehaug er aldri feil. Per Odd´s turtips nummer ein: Ta alltid med nok sjokolade (Foto: Håvard Nesbø)

Ein fjelltur mot Høgehaug er aldri feil. Per Odd´s turtips nummer ein: Ta alltid med nok sjokolade (Foto: Håvard Nesbø)

Martin Gilleshammer nyttar alltid nysnøen fullt ut ( Foto: Håvard Nesbø)

Martin Gilleshammer nyttar alltid nysnøen fullt ut ( Foto: Håvard Nesbø)

Pangstart for nytt hyttefelt

8 av 15 tomter gjekk første månaden

I Januar 2019 la Sognefjorden Utvikling ut det fjerde hyttefeltet i Rindabotn for sal.

Det vil seia at  i feltet som består av 15 hyttetomter vart over halvparten bokstaveleg talt rivne vekk. Ein over snittet god start på eit nytt år.

Lenger oppe i fjellsida. 

– Det er eit flott og solrikt område som no er opna opp. Utsikta  er vakker. Så det er ikkje rart at me fekk ein god start på dette feltet. Me nærmar oss no 110 selte hyttetomter totalt. Samstundes som ein har fått på plass Dalalåven, så byrjar det verkeleg å ta form. Dette er berre moro. Dette syner også at me er eit attraktivt område. Eventyret held fram her i Hodlekve, dette er berre starten. Framtida blir spennande, seier Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling (SU)


Med fortsatt auke i tomtesal gjev dette også synergiar for framtidig drift av Sogndal Skisenter.

Sjølv om hyttebygginga og skisenteret er to separate ting så gjer det eine det andre betre. Det er litt som hand i hanske.

– Når me får selt fleire hyttetomter så legg me samstundes inn meir midlar i utviklinga av skisenteret.

Me er komne godt igang. I framtida vil det jo komme endå nokre fleire skitrekk. Ein vil få utbetra eksisterande bakkar. Samt ein vil tilrettelegge for aktivitetar også på sommartid, seier Haukås, som legg til.

– Hodlekve skal ha eit tilbod heile året. Her skal vere noko for dei absolutt fleste.  Utan eg skal gå i detalj så veit eg at skisenteret har spenstige og spennande prosjekt på gang. Me skal nok aldri bli størst. Men me skal bli veldig gode på det me har.


Berre så langt i 2019 så utgjer tomtesalet ein omsetnad på10 millionar kroner.

Sidan utbygginga starta er tala endå meir imponerande seier Haukås.

– Den totale omsetnaden sidan me startar nærmar seg no fort 500 millionar.  Hodlekve skulle bli det nye Campus. Store ord sa mange. Men sjå på tala, no er jo me snart der.  Dette gjev ringverknader for heile regionen.


I byrjinga av utbygginga var det mange lokale som heiv seg på å bygde seg hytte i Hodlekve. 

No ser ein at det er  stadig fleire «langvegsfarande»  som vel området som sin andre heim.

– Me ser ein stor auke frå Bergensområdet, frå Sunnfjord og frå Austlandet. Det som gjer det meir attraktivt er jo auke i aktivitetstilbodet. Nytt barnetrekk, Dalalåven, forbetring av eksisterande anlegg og at me har langsiktig planar, avsluttar Haukås.


Positive synergiar

Synergiane gjev seg mykje sjølv. Auka omsetnad for handel og næring, auka omdømebygging. Under byggjeprossessane så blir mykje jobb lagt til lokale entrepenørar. Det kjem inn meir midlar til utvikling av skisenteret. Ein får betre løyper og skibakkar når ein får råd til å utbetre desse. Ein gjer grep for å skapa aktivitetstilbod for heile året. Til dømes turløyper, sykkelløyper, aktivitetspark og serveringsstad.

– Det er ein vinn vinn situasjon dette. Når SU sel tomter så får me også meir midlar inn til drift og utvikling. Me har eit bra skianlegg i dag. Men me vil sjølvsagt bli betre. Av det som me allereie har står det att ein god del arbeid. Til dømes planere utbetre eksisterande bakkar. Forbetre “svake punkt”. Ei betre tilrettelegging. Byggje produktet vårt meir heilheitleg. Også sommarstid. Me ynskjer folk i anlegget heile året. Me har fleire sykkelstiprosjekt på gang i anlegget no. Alt frå lågterskel for dei minste, til meir beint-ned for garva downhillsyklistar. Dette er mellom anna kva midlane som blir vidareført til oss, vert nytta til. Forklarar dagleg leiar i Hodlekve, Per Odd Grevsnes.

Fleire hytteeigarar har allereie starta med utleige av hytter når dei sjølv ikkje nyttar dei.

Det er ein markant auke i reiselivet. Også blant tilreisande utanlandske gjester. Som reiselivsdestinasjon er det Hodlekve viktig for regionen.

– Utleige av hyttene er ein raskt veksande marknad. Hytteeigarane vel sjølv periodar dei leiger ut. Fleire har fullbooka så og seia heile vintersesongen. Me snakkar nok allereie no om ei dobling frå fjoråret, seier Grevsnes.

Ynskjer å samla utleigehytter på felles portal

Med utleie legg han at det er på privatmarknaden. Dei fleste hyttene som er til utleige er det utleigarane sjølve som driftar gjennom portalar som Airbnb og finn.no

– Men det er ei klar målsetting for oss å samle alt på ein felles digital portal. Der skisenteret kan vere ein formidlar. Saman med reiselivsaktørar som Visit Sognefjord og fjordnorway er det muleg å koble det heile saman som eit totalt reiselivsprodukt. Dette er noko me jobbar med no, forklarar han.

Grevsnes utdjupar at med ei samhandling kring bookingtenester og utleige. Kan ein tilby ein endå meir komplett pakkeløysing.

– Når me har fått ei bookingteneste opp å gå. Kan me i tillegg tilby utvask, utleigeski og utstyr levert rett på hytta i ei og same bestilling, lettvint frå våre eigne nettsider. Samme med matvarer og catering. Me veit at dette fungerer særs godt hjå andre skidestinasjonar. Så kvifor skal det ikkje fungere her. Ein må tenke på at dei fleste som kjem på besøk, kjem i helgane. Då vil ein ikkje stresse unødvendig. Det å koma til duk å dekka bord er noko mange er særs nøgd med.

Nokre tenester er på plass

Intersport Sogndal er allereie klare. Med etableringa i Dalalåven, kor ein finn skiutleige og sportsbutikk er det no muleg å få henta ut, eller levert utstyr rett på hytta. Av varer Intersport ikkje har i Dalalåven så leverer dei dette på særs kort tid frå hovudbutikken i Sogndal sentrum.

Det same kan seiast om cateringdelen. Kafé Krydder står for den daglege drifta av kiosk og café i Hodlekve og Rindabotn. I tillegg leverer dei catering til hytter på bestilling.

Noko er på plass, mykje står att. Men ein er absolutt byrja på vegen inn i framtida.

Her kan du lese meir om kva hyttetomter som er ledige: TOMTEKART

Her kan du kontakte tomteutbyggjar: HYTTEFELT

Skisenter i vekst. (Foto: Håvard Nesbø)

Skisenter i vekst. (Foto: Håvard Nesbø)

Nytt hyttefeilt. (Foto: Håvard Nesbø)

Nytt hyttefeilt. (Foto: Håvard Nesbø)

Margareth og Rune gav kvarandre sitt ja i skibakken

Det spørst om ikkje  familieløypa i Kalvavatni no må bli døypt om til bruresløret.

For kven hadde vel trudd at  den familievenlege alpinbakken skulle bli arena for eit bryllup.

Historia er like flott som ho er sann.

Familien Østervold Tøkje frå Os utanfor Bergen, har saman med veneparet Marie Bruarøy og Per Henrik Lunde Bruarøy, dei fire siste åra lagt vinterferieveka si til Hodlekve.

 For det er her i Hodlekve dei trivst.

Lang vekk frå mas og tjas. Som dei seier sjølve, det er her dei finn roen.

– Me likar oss veldig godt  i Hodlekve. Her finn me lett ro, alt er nært, og naturen er fin. Borna styrer seg mykje sjølve utan at ein treng å overvake dei heile tida.  Det er mykje meir avslappa her enn i dei verkelege store skianlegga, seier brura, Margareth Østervold Tøkje. 


At giftarmålet skulle stå i skibakken blei planlagt no i januar. Tirsdag 26. februar skulle bli den store dagen.

– Du veit, ho har no masa om dette i mange år no. So hadde me jo faktisk «presten» med oss på tur. Me ville ikkje gjera so mykje ut av det. Heilt enkelt. Då var det lett å berre få det gjort no i vinterferien, fortel brudgommen Rune Tøkje.


Marie Bruarøy er varaordførar i Os kommune, og jobben som vigslar tok ho på strak arm. Når planen var lagt fata dei tak i driftsleiar i Hodlekve, Kim Andre Navarsete. Som sjølvsagt stilte parat når han fekk høyre kva som var på gang.

– Først må eg seia at dette her er heilt klasse. Det er jo heilt fantastisk. Når nokon vel å gifta seg ein plass så er det ofte for at plassen er spesiell for dei. At nokon vel å gifta seg midt i skianlegget vårt. Det er jo faktisk ganske så stort. Eit betre prov på at folk trivst kan ein vel ikkje få. Så me stiller jo sjølvsagt opp på slike ting.


Kim Andre har røynsle med mykje, men kanskje ikkje akkurat brylupp.

Men driftsgjengen i skisenteret har vore ute ein vinterdag før.

– Eg utnevnde Kurt Ove Vikheim som bryllupsrepresentant og ansvarleg frå skisenteret si side. Er det nokon som har greie på slikt så må det vere han. Det er jo klart  me måtte jo frakta litt utstyr og diverse opp bakken. Så då vart Vikheim sjåfør. Om det finst slike sjåførkurs til bryllup så er det noko eg vurderar å sende han på. Dette kunne me gjort mykje meir av. Veldig artig og ei stor tillitserklæring eller skal me sei kjærleikserklæring til skisenteret, fortel Navarsete.

Han legg til at det var ikkje uventa at det var Margareth og Rune det skulle bli, når det først skjedde.

– Eg kjenner jo etter kvart godt til den flotte buketten frå Os. Smilande og ein oppriktig munter gjeng.  Det er nok stereotypane av ein perfekt gjest. Folk som kjem for å kosa seg, slappar av og har det moro. Slikt smittar. Eg er utruleg glad for at dei kjem tilbake til oss år etter år. Vinterferiveka er ikkje over endå, og dei har allereie gitt beskjed om at dei kjem neste år. Slikt varmar eit driftsleiarhjarte.


For dei nygifte er Hodlekveområdet ei vinterperle. No er det blitt ein plass som dei tek med seg resten av livet.


52961297_400350073843586_6374998160493772800_n.jpg

Write here…

20190226-DSC08487 2.jpg




53323513_390928631699754_5938171674066157568_n.jpg

Flotte vinterdagar i anmarsj

– Dette er litt av ein løgen vinter du?

Ja, aprilsnø i februar.

Mildvérsrekordar ved kysten.

Men me har fortsatt vinterlege forhold hjå oss, heldigvis.

No er det minusgrader på nettene, snøen frys til og blir hard. Dette gjer til at driftsleiar Kim Andre og gjengen får preppa skikkeleg.

– Lysløypa blir preparert kvar dag, som vanleg. Høgehaugløypa og “10 kilometeren” vert preppa opp til torsdags morgon, då er det meldt kanonvér, eg vil tru ein dag det vert særs flott å koma seg til fjells, seier han.

Når det er preppa langrenn og fjelløyper kan du sjå oppdatert her: Skisporet.no

Langrennsløypene våre held seg bra, og betre blir det når det no er meldt kaldare til helga.

– Det er gode forhold i langrennsporet no. I alpinbakkane er det for å vere ærleg litt ymse, men ein finn flott skikøyring også her.

I Rindabotn går både Holentrekket, og Toyota barnetrekk. I Kalvavatni er familieløypa inne i ein strøken periode. Perfekte forhold der oppe om dagen. Berre å ta turen. Me har stengt ned pomatrekket i Hodlekve og barnetrekket der inntil vidare, då det er særs tynn sole. Dette ligg jo lenger nede, og er litt meir eksponert for mildvér og regn, som har vore litt av tidlegare, oppsummerar han.

Sjølv om me tek ei pause i Hodlekvetrekket og kveldskøyring, så er det berre å “gønna pao” i Rindabotn.

Me har ope kvar dag 10.00 - 16.00 også denne veka. Og i helga sjølvsagt.

Ein finn fortsatt ledige hytter for utleige om ein ikkje har gitt opp vinterdraumen for i år. Den er ikkje så langt vekke. Distansen frå der du er til Rindabotn, så har du det.

Sjå etter draumehytta di her: AIRBNB

Me har også fått opp to nye interweb kamera, som syner levande bileter i sanntid.

Dei kan du sjå her: WEB CAM

Me ynskjer velkomen til vinterglade skidagar i Sogndal Skisenter.

Fjedle kadla og eg lyte gao!

Sjelefred på Høgehaug, utsyn mot Fjærlandsete, Skriki, Bleia og Storhågen.

Sjelefred på Høgehaug, utsyn mot Fjærlandsete, Skriki, Bleia og Storhågen.

Nye web camera og påskesnø i Rindabotn

Me skriv februar. Ikkje ofte me kan tilby påskeføre og slush føre på denne tida av året. Føret er altså heilt ok, men enkelte stadar byrjar det å bli veldig tynt. Me kryssar fingrane på at mars og april vert gode snømånadar !

Inntil det skjer kosar me oss i slushen i Rindabotn og Kalvavatni.

Som de kanskje har lagt merke til har me no to live kamera på nettsidene våre :-)

Bli betre på ski i bakken med Tonje

Skikurs for alle nivå.

Bli med Tonje på skikurs og få masse smil og latter med på kjøpet!

Ledige timar på dagtid denne sesongen. 
Pris kr. 500,- pr. time pr. person 
Pris kr 1500 for 1 time og 30 min før familie på 4 stk. 

”Uansett utgangspunkt og erfaring so skal eg kunne lære deg eit triks eller 2”

Tonje har erfaring som landslagsutøvar i alpint. Ta kontakt om du lurer på noko. 

Tlf 46 81 98 08 epost Tntaktiv@gmail.com 

Beste helsing
Tonje Norheim Tangerud 

Herleg helg i vente. Kom å leik med oss

Vel møtt til ei ny herleg skihelg

Alt ligg tilrette for atter nokre flotte dagar her hjå oss i Sogndal Skisenter Hodlekve.


Me har fått fersk påfyll på om lag 20 cm kjærkomen nysnø frå oven, og litt til er venta å komme natt til laurdag.

Andre stader i landet trykkjer dei på pudderalarmknappen med slike mengder.

Men me held sjølvsagt att. Me er godt vande. Så mykje seier seg sjølv at skikøyringa vert god denne helga. Følg med på vår Facebook og Instagram for oppdatert info om me vel å sette inn laussnøekspressen. Det kan godt vere den går.

Skikøyringa vert også god i dei nypreparerte bakkane våre.

Og forholda i Høgehaugløypa er upåklagelege.

Me preppar opp der laurdags morgon. Vérmeldinga ser bra ut på laurdag, solgløtt på Høgehaug, er absolutt ikkje feil. Det er heller ikkje mykje om å gjera før me snart kan preppa til Fjærlandsete.


Har du ikkje bil så går skibussen.

Frå Sogndal Skysstasjon kl. 11.00 både laurdag og søndag. Med retur frå Rindabotn kl. 16.00. Bussen stoggar også ved Hodlekveparkeringa på signal om stopp om du vil gå på der.


Alle trekka våre er opne laurdag og søndag, og forholda er topp. 

Fredag har me ope i Rindabotn og Toyotatrekket 10 -16 

Samt kveldskøyring i Hodlekvetrekket frå 18 -21

Laurdag og Søndag er alt opent frå 10 til 16. 


Denne helga kjem også Norske Redningshunder på besøk att.

Dei trenar jamnleg i området opp mot Høgehaug, så ein snøscooter og nokre voffsar samt hundeførarane i refleksvestar vert nok sikkert å sjå. Men det er ingen dramatikk. Me tykkjer det er stas.


Skipatruljen er også på plass.

Ser du dei ute i bakkane så svarar dei meir enn gjerne på spørsmål om du har. Samt du får sjølvsagt ei hjelpande hand, om det er nødvendig.

Vel du å gå tur utanfor preparerte løyper, oppmodar me på det sterkaste å lese skredvarselet på varsom.no

Me minner om at ein ikkje skal ta seg ut i vegbana langsmed Fjærlandsvegen. Det kan vere livsfarleg


Me har blant landets beste vaflar og kakao.

Det er det Lise som sørgar for, ho held opent i SIL-hytta mellom 10-16 laurdag og søndag. Samt Vetle Lisebu serverar ski in/out pølser i Rindabotn.


I dag torsdag, vart reguleringsplanen for det nye hyttefeltet endra slik at den vert meir lik tidlegare reguleringsplanar i hyttefeltet. 35 nye tomter er no for salg ovanfor Rindabotn. Det er spennande tider. Ta gjerne kontakt med Sognefjorden Utvkiling om du er nyfiken på dei nye tomtene.

Dalalåven  er snart inne på oppløpssida. Allereie til vinterferievekene vonar me at Intersport Sogndal er komen på plass i den nye skibutikk/skiutleigen sin. Det blir stas å få dei i hus.


Fjellsportfestivalen har fortsatt ledige festivalpass. Dei har eit forykande flott program i år. Rindabotn blir arena for mykje av aktivitetane. Og me smelle like godt til med nokre heidundrandes afterskiar i garasjehallen. Sjølvaste DJ Dan syter for legendarisk høg stemning.

Føljer du oss på Facebook og Instagram, kan me tipse om dei daglege storyane våre. Der er litt av livet bak heiskortet skildra, og annan god stemning frå gjestene i skisenteret og dalen vår.

God helg til deg,

Vel møtt til skiglade dagar hjå oss.


Janni Røssevold, strøken stil, herleg laussnø i høgjfjellet tidlegare denne veka ( Foto Are Moniz Wergeland)

Janni Røssevold, strøken stil, herleg laussnø i høgjfjellet tidlegare denne veka ( Foto Are Moniz Wergeland)


Landstoppen i beste vaflar og kakao. Sjekk det ut sjølv. Lise har skills.

Landstoppen i beste vaflar og kakao. Sjekk det ut sjølv. Lise har skills.

Slik har me det om dagen. Vel møtt til oss.

Slik har me det om dagen. Vel møtt til oss.

IKKJE FEIL MED HYTTE HER? 35 nye tomter er no regulerte for salg i Rindabotn.

IKKJE FEIL MED HYTTE HER? 35 nye tomter er no regulerte for salg i Rindabotn.

Skihelg i Hodlekve. blir du med?

Endeleg snart helg!

I Sogndal Skisenter Hodlekve har me veldig gode forhold om dagen.

Denne helga kan du køyre 8 ulike preparerte nedfartar.

Du kan leike deg i terrenget rundt anlegget. Ta deg ein flott tur til Høgehaug eller i langrennsløypene.

Både Vetle Lisebu og caféen i SIL-hytta er open Laurdag og Søndag. (10.00 -16.00)

Skibussen går frå Skysstasjonen i Sogndal både Laurdag og Søndag kl. 11.00. Retur frå Rindabotn kl. 16.00

Det vert ikkje laussnøekspress denne helga, men det er gode forhold i både skog og mark.

Me preppar klar langrennsløypene kl. 10.00 Laurdag og Søndag.

Fjelløypa til Høgehaug vert køyrt opp med spor laurdags morgon. Du kan sjølv følgja med på når det er oppkøyrte løyper på Skisporet.no

Fredag mellom 10.00 - 16.00 går Rindabont og Toyotatrekket (barnetrekk)

Fredag er det også kveldskøyring i Hodlekvetrekket og Barnetrekket frå 18.00 - 21.00

Alle trekk er opne Laurdag og Søndag 10.00 - 16.00

Køyrer du utanfor preparert område så er det på eige ansvar. Me minner også på at det er ulovleg å parkera i busslommane langs med Fjærlandsvegen. Er ein i dette området så skal ein under ingen omstende ta seg ut i vegbana. Det er 80 km fartsgrense, og mykje trafikk.


Der er fortsatt nokre ledige hytter for utleige. Finn di draumehytte her: Airbnb

Som sagt gneistrande forhold, og helga er di.

Velkomen til ei flott skihelg saman med oss i Sogndal Skisenter Hodlekve!


Utsikt mot Fjelløypene til Høgehaug og Fjærlandsete. Det er kun til Høgehaug som er oppkøyrt endå. (Foto: Håvard Nesbø)

Utsikt mot Fjelløypene til Høgehaug og Fjærlandsete. Det er kun til Høgehaug som er oppkøyrt endå. (Foto: Håvard Nesbø)

Write here…

Gode forhold i dei preparerte nedfartane om dagen. Kom og test sjølv! (Foto: Håvard Nesbø)

Gode forhold i dei preparerte nedfartane om dagen. Kom og test sjølv! (Foto: Håvard Nesbø)







Laussnøbussen og trafikktryggleik

Laussnøbussen er i full drift denne helga, laurdagen kjørte me delvis med to bussar.

Langs riksveg 5 er det mykje trafikk og fartsgrensa er 80 km/t. For å ungå farlige situasjonar ber me derfor alle om å ta førehandsreglar:

  • Gå opp på brøytekantar til nærmaste busslomme, bussen stoppar kun i desse.

  • Ikkje gå ut i vegbana når de står på busslommene og ventar !

Foto1: Camilla Lerum

Fotokollage: Tilsendt/privat

Slik ynskjer ein det ikkje

Slik ynskjer ein det ikkje

Skredøving laurdag 19. januar

Melding om skredøving


Det vert storskala skredøving Laurdag 19. januar, kring Sogndal Skisenter Hodlekve.



Me vil opplyse om at det vert ei større skredøving mellom Rindabont og Høgehaug, laurdags formiddag. 


Publikum må pårekne ein god del scootertraffikk og lågtflygande helikopter.


Publikum blir oppfordra til å halde avstand frå sjølve øvinga. Men er hjarteleg velkomne til å bruke området og sjå på aktiveten på god avstand. 


Det vil bli stor aktivitet med snøscooter, hjelpekorps, politi, redningshundar og redningshelikopter.

mvh.

Sogndal Skisenter Hodlekve


Skredøving

Skredøving


Fjelløype til Høgehaug preparert

B67I1481.JPG

I dag har me preparert til Høgehaug

For første gong i år.

Frå Raude Krossen kassa og opp til Høgehaug er det kjempeforhold. Nedanfor mot Rindabotn stikk det opp ein del kvist og nokre steinar. Så spesielt på returen bør ein vere merksam og ta det litt roleg.


Turen til Høgehaug er om lag 4,2 kilometer kvar veg.

På stille kveldar er det ein absolutt anbefalt tur med hovudlykt. Men meld frå til dine når og kvar du går.

Dette er ei Fjelløype så det eignar seg absolutt best med fjellski eller lett rando.



Me vil preppe opp til Høgehaug når véret tillet det. Det same gjelder turløypa vidare til Fjærlandsete og Sumhaug.


God tur!



video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more


B67I1414.JPG
B67I1417.JPG
B67I1475.JPG
B67I1449.JPG
B67I1476.JPG
DJI_0061.JPG

PUDDERALARM OG LAUSSNØEKSPRESS

PUDDERALARM!!!!!!!!!!!!!!!!!!


Då har me gleden av å invitere til årets første laussnøbonanza.

LAUSSNØEKSPRESSEN GÅR I HELGA !
Det er kanonforhold borte i skogen seier speidarane våre. 
Laussnøbuss enkeltbillett 70,-
Laussnøbuss dagskort 100,-
Laussnøbuss helgekort 150,-
Du kjøper billett på bussen. 
=========
Start tid frå Selseng - (tidene er tentative) - Ved full buss går bussen kontinuerlig 
Laurdag og sundag 
12:00 13:30 14:30 15:30
Me minner om:
Skredfare, og at all ferdselt utanfor preparert område er på eige ansvar. Ikkje gå ut i vegen men ta deg fram opp på brøytekantane til nærmaste busslomme.

Slik hadde vi det for eit år sidan. Og slik har vi det no. Foto: Håvard Nesbø. Ski: Torgeir Sværen Henjum

Slik hadde vi det for eit år sidan. Og slik har vi det no. Foto: Håvard Nesbø. Ski: Torgeir Sværen Henjum


RINDABOTN OPNAR ONSDAG 16. JANUAR

Endeleg, dette har me venta lenge på!

Onsdag 16. januar opnar me Rindabotn. Laurdag opnar Kalvavatni. Og me prøver også å få preppa til Høgehaug før helga.

Opningstider:

Rindabotn og Toyotatrekket: Onsdag -Søndag 10.00 - 16.00

Kalvavatni og Hodlekvetrekket: Laurdag - Søndag 10.00 - 16.00

Kveldskøyrin i Hodlekvetrekket: Torsdag og Fredag 18.00 -21.00

Me prøver også å få preppa opp fjelløypa til Høgehaug før helga, følg med på Facebook for oppdatert info. evt. sjekk innom skisporet.no Det er snømengda som avgjer dette.

Skibussen går til/frå Sogndal i helga.

Ynskjer du å bu i Hodlekve til helga?

Der er nokre få ledige hytter endå.

Klikk på linkane å sjekk om der er noko for din gjeng:

https://www.airbnb.no/rooms/25673911?location=Sogndal%20Skisenter%2C%20Hodlekve%2C%20alpinanlegg%2C%20Sogndal%2C%20Norge&guests=1&adults=1&s=fHFJc5iu

https://www.airbnb.no/rooms/18928982?location=Sogndal%20Skisenter%2C%20Hodlekve%2C%20alpinanlegg%2C%20Sogndal%2C%20Norge&guests=1&adults=1&s=fHFJc5iu

https://www.airbnb.no/rooms/23279924?location=Sogndal%20Skisenter%2C%20Hodlekve%2C%20alpinanlegg%2C%20Sogndal%2C%20Norge&guests=1&adults=1&s=fHFJc5iu

Vel møtt.

(Foto: Nesbø. Ski: Martin Gilleshammer)

Så kom snøen ... me har venta på .....

Natt til søndag var vindretninga, temperaturen og nedbøren slik den nesten ikkje har vore før denne sesongen. Dermed kom snøen ! Ca 14 cm i neste del av anlegget målt på sundag ettermiddag, og ein del meir lenger oppe. Det snøar framleis og held dette fram lovar det godt for dei komande dagane.

Det var 103 startande i Hodlekverennet som gjekk av stabelen på sundag. Rennet gjekk i gode langrennsløyper og stemninga var stor !



Me har byrja å gle oss til kveldskøyringa på tysdag, og kryssar alt me har av fingrar for at me skal få så mykje at me kan opne heile anlegget til neste helg.

foto: Håvard Nesbø

foto: Håvard Nesbø













Kveldskøyring og nypreppa 8, januar

Me prøvar til att. og Inviterer til kveldskøyring og nypreppa langrennsløyper etter regn og mildvér.

ALPINT:

Det er fortsatt tynt snølag, noko som må takast i betraktning.

Det er kun dagløypa som er preppa, den har ikkje fullestending belysning, så ei hovudlykt er å føretrekke.

Barnetrekket er også klar til bruk.

Opningstider 18.00 - 21.00

LANGRENN:

Det er preppa 5 kilometer med spor. Og 10 kilometer er fresa (det manglar eit par hundre meter)

Vel møtt til ny innsats !