Aktuelt

Framdrift etter planen for Dalalåven

Dalalåven

Me skriv eit nytt år. Eit fantastisk flott år for oss i Sogndal Skisenter Hodlekve. 

Det er dette året den flotte nye Dalalåven vår, skal stå ferdig.  

Dalalåven vert den nye storstova og hjartet i Sogndal Skisenter Hodlekve. Serveringsplass, skiutleige, møterom, lager og kontor.

Eit fullverdig servicebygg. Den nye møteplassen i Sogndalsdalen. 

Det vert ikkje berre eit bygg til bruk om vinteren. Dalalåven vert ein arena for aktivitetar heile året.

Framdrifta går etter planen. Sjølv om ei ferdigstilling ikkje er planlagt venta før første juli. i år. Så vil ein allereie under årets Fjellsportfestival ta i bruk lagerbygget (eller Dalakjørkjao på folkemunne) til festivalen sin offisielle afterski. 

 – Me legg opp til ein heidundrandes afterski under årets festival. Med DJ´s og servering. Endeleg kan me tilby vår heilt eigen og unike afterski på festivalen sin eigen arena. Før afterskien startar vil me ha ein workshop i samme lokalet. Me gler oss utruleg mykje til å kunne få ta i bruk delar av Dalalåven. Me kan love ei pangopning av det nye bygget, seier styreleiar i Fjellsportfestivalen, Stian Stedje Hofslundsengen.

Bygget er allereie tett. Det er ferdig isolert og ein har starta med dei elektriske installasjonane.

 – Det er berre dei tekniske innstallasjonane,  og rør som står att no, slik me får lukka bygget. Så blir det plating, leggjing av golkv, bygge kjøken, måling innreiing som skal gjerast. Både Intersport Sogndal sin skiutleige og Caféen blir blir sett opp parallelt. Heile bygget skal etter planen stå ferdig 1. juli i år. Men me har von om at allereie til påske så skal me kunne få opne opp endå ein større del, seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter  Hodlekve, Per Odd Grevsnes.

Slik såg det ut den første veka i 2019:


DJI_0027.JPG



B67I1166.JPG




B67I1163.JPG





B67I1136.JPG






B67I1139.JPG







B67I1144.JPG








B67I1145.JPG
B67I1148.JPG
B67I1149.JPG
B67I1153.JPG
B67I1170.JPG

.












Lyset i langrennsløypa

I Hodlekve har me ei lysløype på 5 km. Lysløypa vert normalt preppa til kl 16 på kvardagar og kl 10 i helgane. Me treng meir snø for at me kan preppe kvar dag, men løypene er farbare slik det er no.

Lyset må aktiverast. 

På parkeringa ved SIL-hytta er der ein stolpe med ein trykknapp på. Denne aktiverer lyset i lysløypa. Lyset kan aktiverast frå kl 16.30 og slår seg automatisk av kl. 22.00

Husk at det er betaling også på kveldstid for parkeringa ! (easy:park 6925) 

Trykk på knappen - så aktiverer du lyset i langrennsløypa.

Trykk på knappen - så aktiverer du lyset i langrennsløypa.

2,5 millionar til Hodlekve

Sogndal Kommune og Sognefjorden Utviking styrkjer i fellesskap aksjekapitalen til Sogndal Skisenter Drift AS.

Kommunestyret i Sogndal har styrka aksjekapitalen i Sogndal Skisenter Drift AS med 1,5 millionar kroner. Som eit svar på aksjestyrkinga til kommunen, har Sognefjorden Utvikling gått inn med ein million kroner, i tillegg.


Positive signal

Ei fleirtalsgruppering i Kommunestyret har samla jobba fram auken i aksjekapitalen, utan søknad frå skisenteret. Sogndal Kommune er allereie den største eigaren av Sogndal Skisenter Drift AS.

– Dette er særs gledeleg, eit  veldig viktig og positivt signal til utviklinga som skjer i Hodlekve frå kommunen si side. Dette syner at satsinga kring Hodlekve er sterkt ynskja frå kommunen si side, hevdar Rolf Navarsete, styreleiar i Sogndal Skisenter Drift AS.


Motiverande handling

Navarsete trekkjer også fram den andre store eigaren av skisenteret. Sognefjorden Utvikling AS, har allereie synt stor tru på utviklinga kring Hodlekve. Selskapet har allereie bidrege med tjue millionar kroner til no.

– Sognefjorden Utvikling AS har bidrege stort inn allereie. Med tjue millionar fordelt på aksjekapital, samt kapital og utviklingsbidrag for byggjing av infrastruktur som anlegg, løyper servicebygg og liknandes. At dei no går inn med endå ein million, syner at Sognefjorden Utvikling fortsatt har stor tiltru til den flotte utviklinga me som skisenter no er inne i.  Dette er ei svært motiverande handling frå dei to største eigarane våre, seier Navarsete.

20161227_085720.jpg



Støttar ambisjonsnivået

Dagleg leiar i Sogndal Skisenter Drift, Per Odd Grevsnes seier at styrkinga er med på å byggje opp under ambisjonsnivået skisenteret har.

– Med målsettingane Sogndal skisenter har, er likviditeten svært viktig for å kunne halde oppe ambisjonsnivået.  Det gir oss handlingsrom. Med det meiner Grevsnes at ein fortsatt vil utvikle seg raskt, og nå dei neste delmåla i skisenteret så fort som mogleg. 

– Det handlar til dømes om ny heis til Kambafjellet, ferdigstilling av Dalalåven. Samt utvikle sommaraktivitetane som sykkeløyper i fjellet, og andre aktivitetstilbod som gjer oss rusta til å stå fram som ein solid heilårsdestinasjon for heile regionen. 



Tillit 

Synergiane som utbygginga kring Hodlekve gjev, ser ein meir tydeleg enn nokon gong. I følgje Even Heggbom i Sognefjorden Utvikling, er det gledeleg at lokalpolitikarane i Sogndal fortsatt har trua og ser kva verdiskaping utviklinga kring Sogndal Skisenter bidreg med. 

– Sognefjorden Utvikling sitt siste bidrag kjem av at me ser på det som ei svært god investering for Hodlekve, regionen og SU. Me ser at drifta av skisenteret er veldig bra. Skisenteret har bygd opp ein strategi, og fungerer mykje betre reint kommersielt enn tidlegare. All utvikling vil vere bra for aktiviteten SU driv med. Me har tillit til dei som jobbar der, til styret og til leiinga. Alt i alt fungerer dette veldig bra, derfor ynskjer me å fortsatt vere med frametter.



hytter i hodlekve _ håvard.JPG

Halv milliard

Heggbom hevdar at  Sogndal Kommune med auken i aksjekapital syner tillit til prosjektet Hodlekve. 

– Me er svært glad for at politikarane ser verdien av alt dette. At utviklinga har vesentleg samfunnsmessig betydning, for regionen i Sogn. Til no er det tilnærma 240 millionar i rein bygningsmasse i prosjektet. Mykje av dette går inn i lokalt næringsliv.

Det er ein industri som ein ikkje har vist eksisterte tidlegare. I total verdiskapning når ein snart ein halv milliard kroner i utviklingsprosjektet kring Sogndal Skisenter. 

– Politikarane ligg godt framfor og investerar i framtida, dette er kjempebra og fantastisk gode signal. 

Ein må også tenke på at hytteutbyggjarar som bur utanfor regionen, flyttar kontanstraum til Sogndal. Dette gjev daglege og varige inntekter, som gagnar alle i regionen. 


Tenkjer stort

Det er utviklinga Sogndal Skisenter har gjort og synt vilje til å gjennomføre dei seinare åra, som er med til å bidra til at Sogndal Kommune no går inn med auka aksjekapital.

– For vår del er det heilt naturleg å bidra til fortsatt vekst og styrking av Sogndal Skisenter. Den utviklinga som har vore dei siste åra, syner at det er vilje til å tenka stort, samt at ein gjennomfører måla ein set seg.  Tilbodet skisenteret gjev er eit utruleg viktig bidrag for regionen, seier Senea Sabanovic, AP representant i kommunestyret.

Naturleg

Sabanovic seier også at det ligg mykje meir bak reine kroner og ører.

– Eit universielt utforma anlegg tufta på sunne verdiar, er aktivitetskapande for folket. Eit aktivitetstilbod ikkje berre for skientusiastar. Men også i større grad som ein heilårsdestinasjon for framtida. Sogndal har blitt sett på kartet som ein laussnøhovudstad. At ein også kan utvikla anlegget og tilbodet i eit endå større omfang styrkjer også reiselivet og næringslivet lokalt.

Ho legg til:
– Hodlekve har vore og er eit satsingsområde for Sogndal Kommune. Då er det naturleg og løfta skisenteret, samt bidra til denne veksten. Hodlekve er ein destinasjon, anten det er hyttebyggjing eller fine naturopplevingar.

Frivillig løypeavgift gjev betre langrennspor

Førre sesong la me lista høgre enn nokon gong når det gjelder preparering av langrenn- og fjelløypene våre.

Noko me vonar at me skal greie å oppretthalda også denne sesongen, slik at du skal få ei mykje betre skioppleving.

Det er dyrt å preparere løyper.

Dette er ein mykje større kostnad for oss, og for å halde nivået er me avhengig av meir midlar. Difor går utfordringa ut til alle langrennsentusiastar og brukarar av langrennsløpene våre, om å bidra med ei frivillig løypeavgift. Der midlane går konsekvent til den auka frekvensen med preparering.

Me har skissert ein modell:

Kr. 200,- Om ein er brukar av fjelløypene

Kr. 500,- Om ein er brukar av langrennsløypene (5/10km) ein dag i veka.

Kr. 1000,- Om ein nyttar løypene oftare.

Innbetaling kan skje via:

VIPPS: 85540

Eller kontonr: 3720.07.26341 (mrk: løyper)

Neuman Kaupanger blir ny generalsponsor

Lokalt næringsliv går saman for å utvikle Sogndal Skisenter -Hodlekve.

Skisenteret er inne i ei rivande utvikling. Selskapet har ideel føremålsparagraf og eit evt. overskot skal gå attende til drifta av anlegget.

Me nærmar oss no 1. million i årleg støtte frå våre generalsponsorar! ,

Neumann Kaupanger er den største byggevareleverandøren i Hodlekve, og er marknadsleiar i Sogn. Gjennom denne avtalen syner dei at dei har store ambisjonar i høve framtidig utbygging.  Avtalen med Neumann Kaupanger representere godt over ein ein halv million over ei treårsperiode.

Uviklinga i Hodlekve representerer ei formidabel næringsutvikling, dette veit dei mest framoverlente verksemdene i bygda, dermed ynskjer dei å posisjonere seg for framtidig vekst. Seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter- Hodlekve,  Per Odd Grevsnes.

 

Hodlekve er ein viktig marknad for oss i dag, og  skal vere det i åra som kjem.  Det er derfor heilt naturleg at  me går inn og samarbeider med Skisenteret som står i front for utviklinga -  seier salgsleiar Ole Johnny Ålsberg hjå Neumann Kaupanger.

Kaupanger vil snart bli eit sentrum for byggevare i regionen. Dette vil gi oss nye muligheiter samstundes som me og vil merke auka konkurranse.  Me er derfor glade for at me no har fått på plass eit langsiktig samarbeid med Skisenteret,  seier avdelingsleiar Olve Aaberge i Neumann Kaupanger.

Neumann søker no etter nye medarbeidarar :

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=129742957

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=129747400

Sognenett blir ny generalsponsor

Sognenett blir ny generalsponsor !

Sogndal skisenter – Hodlekve er inne i ei rivande utvikling. Selskapet har ideel føremålsparagraf og eit evt. overskot skal gå attende til drifta av anlegget.

Skisenteret skal vere motoren i den vidare utviklinga av anlegget og me ynskjer å utvikle oss til ein heilårsdestinasjon. Samstundes skal utviklinga vår kome folket i regionen tilgode !

-Me er heilt avhengige av lokalt næringsliv for at me skal lukkast med vår drift og utvikling. Det er derfor svært gledeleg å kunne meddele at me i dag har fått endå ein ny generalsponsor med oss på laget. Frå før har Intersport Sogndal og Toyota Sogn gått inn som generalsponsorar. – seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter

Christine Helen Førde er marknadsleiar i Sognenett. Ho fortel at Sognenett heilt sidan starten på utviklinga av hyttefeltet har vore aktive i anlegget. Dei har lagt ned mykje arbeid i infrastruktur. Alle hyttene har no tilbod om å knytte seg til høghastigheitsfiber.

Samarbeidet skal gje gjensidig nytte. Me vil fronte Sognenett gjennom våre kanalar og vidareformidle deira tilbod til våre brukarar. Samstundes vil publikum merke dette ved at Sognenett etablerer gjestenett på utvalgte stadar i skisenteret – seier Grevsnes.

IMG_9829 (1).jpg

Skiskule i Sogndal Skisenter

SKISKULE I SOGNDAL SKISENTER
- for born frå 6-10 år

Instruktør: Jack Hembre McDonald
E-post: jackmcdonald@gmail.com
Telefon: 95479514

No er me blitt så heldige at me har fått ein som har lyst å drive skiskule hjå oss! Dette er ein gylden moglegheit der ein kan lære seg å beherske ski gjennom ulike øvingar og leik og moro.

Tid: Kl. 1200-1400 laurdag og søndag (17- 18 mars) og i påska (22 – 28.mars)
Pris: 200kr pr. pers.
Oppmøte: Ved vetle Lisabui i Rindabotn (ved sida av heisbua) , sjå etter ein med ei blå skiskulejakke . 
Plassar: Det er plass til 8 born. Ein melder seg på gjennom å kontakte Jack via mail/telefon.
Info: Desse timane er tilrettelagt for born mellom 6-10år. Det vil vere tilnærming til god skiteknikk gjennom leik og moro, både i og utanfor løypene. Me held oss i
områda rundt Rindabotn og Kalvavatni.
 

PRIVAT UNDERVISNING:

50min – 500kr
100min – 800kr

+ 200kr per ekstra person. (maks 4)

Ta kontakt angåande privatundervisning for større grupper og for heisbasert frikøyring med guide/instruktør.

Privatundervisning skjer før og etter skiskulen. Ein kan også ta kontakt med instruktøren sjølve, om ein ynskjer privatundervisning til andre tider enn det som er sett opp.

Ved eventuelle spørsmål: henvend dykk til oss eller Jack.

Dette vert kjekt!