Framtidsplanar


FRAMTIDSPLANAR

Hodlekve – ein heilårleg ferie og fritidsdestinasjon

Saman utviklar Sogndal Skisenter og Sognefjorden Utvikling Hodlekve til ein heilårleg destinasjon for ferie og fritid.

To nye heisar er bygd. Rindabotnheisen strekk seg 1300 m opp fjellet og løyser ut store område for frikøyring. I tillegg er denne heisen eit godt utgangspunkt for tur til Blåfjell. 

Kalvavatniheisen bind saman løypene i Hodlekveheisen med Rindabotn og skapar eit komplett skianlegg.

No bygg me ei ny barneheis i Rindabotn som vil vere klar til sesongen 2017/2018

Me jobbar og med å lage ein sosial møteplass i Rindabotn -Dalaloven. Går alt etter planen vil den stå klar til vinter sesongen 2018/2019.

 

Hodlekve er ikkje berre vinter og ski. For lokale er Sogndalsdalen eit populært utfartsområde også sommarstid. Framover vil det komme meir tilrettelegging for sommaraktivitetar, t.d. terrengsykling, og rulleskianlegg. Det blir også jobba med å realisere ein gondolheis frå Fosskamben til Kambafjellet (1220 m.o.h.). Dette vil gje lett tilgang til dei fantastiske fjellområda om vinteren, men også potensiale på sommarstid.