Framtidsplanar


FRAMTIDSPLANAR

Hodlekve – ein heilårleg ferie og fritidsdestinasjon

Saman utviklar Sogndal Skisenter og Sognefjorden Utvikling Hodlekve til ein heilårleg destinasjon for ferie og fritid.

To nye heisar er bygd. Rindabotnheisen strekk seg 1300 m opp fjellet og løyser ut store område for frikøyring. I tillegg er denne heisen eit godt utgangspunkt for tur til Blåfjell. Denne heisen blei kåra til

Kalvavatniheisen bind saman løypene i Hodlekveheisen med Rindabotn og skapar eit komplett skianlegg.

Til neste sesong kjem det nytt barnetrekk i Rindabotn.

 

Hodlekve er ikkje berre vinter og ski. For lokale er Sogndalsdalen eit populært utfartsområde også sommarstid. Framover vil det komme meir tilrettelegging for sommaraktivitetar, t.d. terrengsykling, klatrepark og rulleskianlegg. Det blir også jobba med å realisere ein gondolheis frå Fosskamben til Kambafjellet (1220 m.o.h.). Dette vil gje lett tilgang til dei fantastiske fjellområda om vinteren, men også potensiale på sommarstid.