Guida turar


Bli med på tur i Sogndalsdalen!
Sogn har den beste snøen og du kan bli med oss for å finna den finaste lina.
Du finn turar og lengde på turane som passar for deg.  

Kontakt Sogndal Lodge for guida turar:

Epost: post@sogndallodge.no

Tel: +47 4017 4417

www.sogndallodge.no

Turar:

Min 2 pers - max 4 pers pr guide
NF godkjende guidar

Ved laussnøkøyring må alle ha alpin/randonéski, telemarkski eller split/snowboard. For å få ei god oppleving bør ein ha litt breiare ski enn dei smalaste bakkeskia. Om du har, og kan bruke skredutstyr, oppmodar me til å ta med det. Me oppmodar også alle til å bruke hjelm.

2 timar laussnøkøyring

2 timar laussnøkøyring med utganspunkt i heisen. Køyr utanfor løypene og finn den finaste laussnøen med våre lokale guidar.

Utstyr: slalom/alpin ski eller rando ski.

Pris: 590 kr per pers.  Min 2 pers - maks 6 pers

4 timar laussnøkøyring

4 timar med laussnøkøyring i områda rundt heisen.  Me tek heisen opp og går eit stykke for å finna den finaste linja ned. Når me kjem ned er laussnøekspressen rett rundt hjørna, og transporterar oss tilbake til heisen.

Utstyr: randoski

Pris: 1090 kr per pers. Min 2 pers - maks 6 pers

Intro offpiste, heisbasert

3 timar. Om du berre har vore i bakken, men no vil prøva deg utanfor løypene er dette turen for deg. Kjenn deg trygg med våre lokale guidar som finn fin laussnø og passeleg bratt terreng for DEG!

Utstyr: slalom/alpinski eller rando ski

Pris: 890 kr per pers. Min 2 pers - maks 6 pers

Heil dag i laussnøen

Mest muleg høgdemeter ned!

Bli med våre lokale guidar, ta trekket opp og finn flott laussnø ned. Gong på gong, moroare og brattare for kvar gong! Laussnøekspressen køyrer oss opp til trekket att - og vi er klar for meir moro.

Utstyr: randoski

Pris: 1400 kr per pers. Min 2 pers - maks 4 pers

Topptur intro

Første gang på topptur - med ein fin topp i fint tempo. Våre lokale guidar tek deg med og viser deg korleis ein går på topptur. I nærleiken av heisen.

Utstyr: randoski

Pris: 890 kr per pers. Min 2 pers - maks 6 pers

Topptur

Har du vore på topptur før og vil prøva deg på ein av klassikarane i Sogndalsdalen, bli med oss på tur.  Me brukar dagen opp og nyt turen ned att.
              
Utstyr: randoski

Pris: 1090kr per pers. Min 2 pers - maks 4 pers