Guiding


Toppturar og isklatring med tindevegleiarar

I Sogndal har vi god tilgang på internasjonalt godkjende tindevegleiarar.

Å bli med ein tindevegleiar på tur, gir ein ny dimensjon til turen. Du får med deg ny og utvida kunnskap om området og om det å ferdast trygt i ulendt lende. Dette kan vere ein unik sjanse til å bli kjent med området, samtidig som du får gode tilhøve til å læra meir om dei bratte og ville vestlandsfjella som omgir Sogn.
 
Turane kan tilpassast dine ynskjer, eller du kan vere med som deltakar på faste oppsette turar og kurs i toppsesongen.

Fleire av tindevegleiarane i Sogndal tilbyr både føringsturar og kurs innan emna ski, skred, klatring og bre, samt tradisjonelt friluftsliv sommar som vinter. I Sogndal om vinteren er det særleg isklatring og toppturar/ offpiste det er gode tilhøve for. Dette kan vera alt frå ein enkel introduksjon innan dei ulike emna, til meir djuptgåande opplæring innan faget. 

Guidebedrifter

Bre og Fjell
breogfjell.no
post@breogfjell.no
Tlf: + 47 41 14 60 70

Vinteren i Norge byr på spennande opplevingar i naturen. Enten du likar å flyte nedover i laussnøen frå ein vakker fjelltopp, eller kjenner dei mektige opplevingane ein frosen foss kan gje. Begge elementa gir stor glede, men medfører også ein del risiko. Vi i Breogfjell vil gjerne dele vår kunnskap med deg slik at du kan ferdast trygt i vinterfjellet. 

 

Norgesguidene
Norgesguidene.no
post@norgesguidene.no
Tlf:  +47 92 05 40 57

Vinter i Sogn gir høve for mange vintereventyr. Offpiste-turer med skiguide i Hodlekve og Heggmyrane skisenter, skibestigning i uoppdaga pudderparadis, og isklatring i frosne fosselandskap. Dersom du ønskjer skredkurs, dagstur med skiguide, isklatrekurs eller ein kombinasjon av dette, er Sogn eit godt val.

Vi reiser også på jakt etter dei perfekte forholda for pudderkjøring eller isklatring andre stedar langs dei indre delane av Sognefjorden, i den urørte Jostedalen og langs juv og bakkar på dei idylliske Hafslobygdene.

 

Fimbul Jostedal
Tlf:  +47 99 45 09 21

Fimbul Jostedal består av tre fjellførarar med til saman 60 års fartstid med fjellføring. I 2004 stifta vi Fimbul Jostedal som tek med folk på kurs og føring i fjell-Noreg. Alle førarane har utdanning frå Norske Tindevegledere og/eller Norsk Fjellsportforum. Kvar vinter står vi på ski og klatrar litt is! Ski er hovudsaken, og vi har ikkje anna enn godord om vårt eige område.  Lokalkjente vegleiarar veit å finne den gode snøen og dei lange nedkøyringane.

 

Sogndal Lodge
sogndallodge.no
post@sogndallodge.no
Telefonnummer: +47 40 17 44 17

Naturen i Sogn er fantastisk og det er uendeleg mange mulegheiter for aktivitetar og moro. Me elskar å vera ute og me vil ha med DEG ut på tur. Me tilbyr aktivitetar og kurs innan bre, kajakk, klatring, ski, vandring og sykling. ALT mellom fjell og fjord!