Området


Foto: Fjellsportfestivalen

Foto: Fjellsportfestivalen

Hytteliv i Hodlekve

Med sin beliggenheit i Sogndalsdalen er hyttene i Hodlekve særs godt plassert både sommar og vinter. Området byr på eit stort spekter av aktivitetar for dei som vil gjere meir enn å kose seg på hytta: 

QI5Y5863.JPG

Sogndal-regionsenteret i Sogn

10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum. Godt utval av butikkar, Amfi Sogningen, kaféar og restaurantar. Nærleik til Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Er det fotballkamp på Fosshaugane Campus, ser du sjølvsagt ein tippeligakamp før du set kursen heim att etter ei helg på hytta. 

Foto: Hans Christian Krogh-Hanssen

Foto: Hans Christian Krogh-Hanssen

Topptur-mekka

Spenn på deg skia, ta heisen i Rindebotnen og gå til Blåfjell (1440 m.o.h). Ein flott og overkommeleg topptur for dei fleste. Eller køyr nokre få minuttar lengre fram i Sogndalsdalen, og du finn Togga og Frudalen, og eit stort utval i toppturar av det litt meir utfordrande slaget, som her på Skredfjellet med utsikt ned mot Fjærlandsfjorden. 

Foto: VisitNorway - Johan Berge

Foto: VisitNorway - Johan Berge

Sommar i dalen

Vi garanterar at det blir like kjekt å bruke hytta på sommaren som på vinteren. I nærområdet har du god tilgang til m.a. fiskevatn. Du kan gå ein fin tur til Fagereggi og vatna der oppe. Eller gå ein liten spasertur ned til Dalavatnet i Sogndalsdalen. Flott aurefiske!

Foto: Jens Henrik Nybo - Visitnorway.com  

Foto: Jens Henrik Nybo - Visitnorway.com  

Ta ein liten tur til...

Dette omådet av landet har nokre av våre mest kjende turistattraksjonar. Både Flåmsbana, stavkyrkjene, Fjærland og ikkje minst Jostedalsbreen er berre ein kort biltur unna.