B67I0754.jpg

Dei beste stavtaka

Det er fort gjort å spenne på seg skia rett utanfor hyttedøra eller bildøra når ein er i Sogndal Skisenter. 


Me preparerer løypene våre kvar dag når snøen er komen på plass. I Løysløypa som er  5 kilometer, kan du bruke heile døgeret om du vil. Og med hovudlykt kan du gjer det same i 10 kilometersløypa. 

Langrennsløypene til skisenteret ligg lunt plassert i umiddelbar nærleik til fleire av utleigehyttene og parkeringsplassar. Sjølv om ein er i fjellet ligg løypene i eit terreng som er beskytta for mykje vind, fjellbjørka tek ogsa tak og gjer ein jobb for at du skal få gå i fred utan for mykje vind.


Det er mest so ein høyrer fjellbjørka heiar på deg når du kjem susande i anten god driv eller eit bedageleg tempo. Løypene våre ligg i eit terreng det er lett å beveg seg rundt i. Ein treng ikkje vere verdsmeister for å nytte godt av langrennsløypene i Hodlekve. Det er mange som har hatt sine første stavtak her i skogen. Ikkje berre siste 50 åra, men også heilt tilbake til tida då Birkebeinarane budde her.  

Det er tid for å lata tankane flyte når ein er på ski hjå oss, me vil du skal ha det godt.

Preparering av langrennsløyper:

Kvardagar: Lysløypa (5km): skisporet.no
Helgar: Lysløypa og 10km: skisporet.no

Turløyper over Høgehaug, Fjærlandsete:

Me prøver som eit minimum å preparere til kvar helg. Me oftare når det er gode føresetnader.

Følg med på skisporet.no eller våre Facebooksider for fortløpande oppdateringar.

Som eit takk for turen blir me særs glade for alle frivillige løypebidrag: Vipps: #85540

DJI_0968.JPG

Turløyper med innsikt til utsikt

Frå Parkeringsplassen i Rindabotn startar tureventyret ditt.

Etter ein halvannan kilometer der tussar, troll og gjerne nokre fjellryper snik på deg frå gøymeplassen sin bak ei krokut fjellbjørk, kjem ein opp i snaufjellet.

I slak motbakke, over flate snøkledde myrdrag, når ein tregrensa ved Ryssete. Her kan ein velja om ein vil gå over Haugane eller opp Stilledalen til Høgehaug. Eller kanskje véret er godt og sikta klår, du har betre tid, samt trakkemaskina har preparert løypa opp mot Kollsetevatnet vidare bort Faggregje, Fjærlanssete og Sumhaug? Den ultimate fjellskituren i “trikkeskinner”, det er då det er verdt å leva. Sidan Kittelsen ikkje har måla dette landskapet må du oppsøke det sjølv, du vil ikkje angre. Me kallar det magi.

“E6” kallar dei den. Den mest brukte turløypa vår. Den som strekkjer seg opp til Høgehaug. Litt over fire kilometer kvar veg, er det ei akseptabel turløype som høver dei fleste.  Sogndølene går denne ruta ofte etter arbeid når det lir fram på vinter og vår. Andre nyttar hovudlykt og går endå seinare. “Maonaskinstur” skal ein heller ikkje kimse av. Lett opp og lett ned, Høgehaug ventar på deg.

Ved utsiktspunktet på Høgehaug (980 moh) kan du gjere vendereis i slake nedoverbakkar, eller du kan ta runda rundt Sumhaug og Fjærlandsete over Fagreggje og tilbake. Motsett frå ruta over Kolslsetevatnet. Då har ein om ein vil totalt 2.7 mil med herleg fjelltur under skia. Ein beveger seg i eit postkort her oppe. Mykje variasjon i landskapet, mykje tur i turen. Berre kom å sjå sjølv.

Preparering av tur- og fjelløyper:

 Høgehaug: kvar helg ferdig ca. til kl 12. (véravhengig)

Fjærlandsete: blir annonsert på nettsider og Facebook. (vérhavhengig)

Langt der framme, høgt der oppe, der ligg Høgehaug.

“E6” Ei populær turløype som tek deg ut i den magiske vinterverda.

Sjekk når me har køyrt opp Fjell- og turløypene her: skisporet.no

Som eit takk for turen blir me særs glade for alle frivillige løypebidrag: Vipps: #85540

Langrennskart2017.png

Langrennsløyper vert preparert:

Kvardagar: Lysløypa (5km) skisporet.no
Helgar: Lysløypa og 10km skisporet.no

Lysløypa kan ein slå på sjølv om den ikkje er på. På lyktestolpen ved parkeringsplassen ved SIL-hytta finn du brytaren.

Bidra med støtte til preparering av langrenn- og turløyper. Vipps: 85540

Skisenteret brukar mykje tid og ressursar for å få til gode løyper. Som for tidlegare sesongar er det ynskjeleg at brukarar bidreg med ei frivillig støtte til preparering av løypene våre. Ein høvelig sum kan vere kr 100,- for ein dag, og 1000,- for dei som nyttar løypene regelmessig. Du bestemmer sjølvsagt beløpet sjølv, alle bidrag tel.

Bankkonto til Sogndal skisenter drift A/S: 3720 07 26341 "mrk langrennsløyper".

Vipps: #85540