Overnatting


Sogndal Lodge & Guiding

sogndallodge.no
post@sogndallodge.no
Tlf: +47 40 17 44 17

Sogndal Lodge ligg midt i Sogndal sentrum med 12 sengeplassar fordelt på eitt 2 sengs rom, to 3 sengs rom og eitt 4 sengs rom. Det er 2 bad, 2 toalett, kjøken, stove, bibliotek, gratis internett, kjellarstove med TV, vaskemaskin, tørketrommel og tørkerom - og buldrerute i taket! Heile huset har til saman 12 sengeplassar

Pris: 850,- for dobbelt rom.

Quality Hotel Sogndal

qualityhotelsogndal.no
q.sogndal@choice.no
Tlf. + 47 57 62 77 00

Quality Hotel Sogndal er ein del av Norden si største hotellkjede, Nordic Choice Hotels. Hotellet har 115 flotte rom, tre restaurantar og konferansekapasitet til 350 personar. Hotellet har gratis trådlaust gjestenett for alle gjester og er miljøsertifisert gjennom ISO14001 frå Det Norske Veritas. Andre spørsmål ?  q.sogndal@choice.no eller 57 62 77 00 eller på nordicchoicehotels.no

BEST WESTERN Lægreid hotel

lagreid.no
lagreid@bestwestern.no
Tlf. + 47 57 62 88 88

Midt i Sogndal ligg BEST WESTERN Lægreid Hotell. Alle 36 romma på BEST WESTERN Lægreid Hotell held ein høg standard. Romma er pussa opp i seinare tid og er godt lydisolerte. Det er sjølvsagt trådlaust Internett på heile hotellet og det er heis frå resepsjonen.

 

Kjørnes Camping og fjordhytter

www.kjornes.no
camping@kjoernes.no
Tlf. +47 97 5 4 41 56

Kjørnes Camping og Fjordhytter ligg vakkert til ved Sognefjorden, 3 km frå Sogndal sentrum ved riksveg 5, retning Kaupanger. Med sin lokalisering midt i Fjord Norge, er Kjørnes Camping og Fjordhytter eit svært sentralt utgangspunkt for aktivitetar og opplevingar ved Sognefjorden.