Prev Next

50 nye tomter i byggetrinnn II ute for sal

Foto: Håvard Nesbø. Det nye tomtefeltet i Rindebotnen ligg fint til ovanfor den nye heisen.

Om utbyggjar

Det er selskapet Sognefjorden Utvikling AS som står for utviklinga av Hodlekve-området i Sogndal. Planen er å utvikle ein heilårleg ferie- og fritidsdestinasjon. Eigarar av selskapet er Grendahl Holding, familien Schage, Even Hegbom og Jomar Haukås. Bortsett frå Haukås er dette dei same investorane som står bak utbygginga i Myrkdalen. 

Tomter

I dag er det regulert vel 300 tomter i området. Tomtestorleik varierar frå 500 – 1700 m2. Prisen varierer frå kr. 750 000 til kr. 1 300 000. Det er framleis ledige tomter i alle priskategoriar. Anleggsarbeidet er godt i gang og snart er tomtene byggeklare.

Dei fleste tomtene i byggetrinn I (51 stk) er allereie selde. No legg vi 50 nye tomter i byggtrinn II ut til sals. Desse ligg i Rindebotn, rett ovanfor den nye heisen som vart opna i januar 2014.

-Sjå tomteplan byggetrinn II Rindebotn