Blåfjellet

Ta heisen til toppen. Derifrå jamn stigning langs merka løype til Vardafjellet. Herifrå er det inga merking, men ein kan følgje ryggen heilt opp til Kambafjellet. Så er det ei slakk stigning langs ein vid rygg opp mot varden. 

Nedover: Herifrå følgjer ein ryggen som vender sør, mot Britastein/Britabu.
Følg så dalsøkket (Stilledalen) eller den merka løypa frå Høgehaug ned til Hodlekve. 

Tid: Turen tek ca. 3 timar på godt føre.
Stigning: ca. 600m

Motsett veg er også fint, men då får du ei ekstra stigning på ca 350m. 

Togga

Togga er ein relativt rask og flott topptur - på ein fin dag med stabile snøforhold.

Parker på Brandhaugadn toppturparkering. Frå parkeringa følgjer du stien som går gjennom skogen og på ryggen - heilt opp til varden på Togga.

Ver varsam: Togga kan vere lunefull når snøen er ustabil. 

Frudalen

Med start på Frudalen toppturparkering finst det fleire fine toppturar innover dalen.

For meir info: sjå boka "Toppturer i Sogn". Kan kjøpast i SIL-hytta. Der finn du mange fine turar i Sogndalsdalen!