Overnatting

 
Skjermbilde+2019-01-24+kl.+14.53.33.jpg

Hytter med ski in/out i Sogndal Skisenter

Det er fleire hytter tilgjengelig i og i umiddelbar nærleik til skisenteret. Hyttene blir utleigd på privat basis. Alle hyttene er nye, og dei finst i mange prisklassar. Sjekk hytter: airbnb. 12 minutt frå skisenteret ligg Sogndal sentrum, med endå fleire overnattingsalternativ, finn du lenger ned på sida.

 
Sogndal_lodge.jpg

Sogndal Lodge & Guiding

sogndallodge.no
post@sogndallodge.no
Tlf: +47 401 74 417

Sogndal Lodge ligg midt i Sogndal sentrum med 12 sengeplassar fordelt på eitt 2 sengs rom, to 3 sengs rom og eitt 4 sengs rom. Det er 2 bad, 2 toalett, kjøken, stove, bibliotek, gratis internett, kjellarstove med TV, vaskemaskin, tørketrommel og tørkerom - og buldrerute i taket! Heile huset har til saman 12 sengeplassar.

Pris: 850,- for dobbelt rom

fasadenight.jpeg

Quality Hotel Sogndal

qualityhotelsogndal.no
q.sogndal@choice.no
Tlf. +47 576 27 700

Quality Hotel Sogndal er ein del av Norden si største hotellkjede, Nordic Choice Hotels. Hotellet har 226 flotte rom, tre restaurantar og konferansekapasitet til 550 personar. Hotellet har gratis trådlaust gjestenett for alle gjester og er miljøsertifisert gjennom ISO14001 frå Det Norske Veritas.

Legreid_hotel_sogndal_peis.jpg

BEST WESTERN Lægreid hotel

lagreid.no
lagreid@bestwestern.no
Tlf. +47 576 28 888

Midt i Sogndal ligg BEST WESTERN Lægreid Hotell. Alle 36 romma på BEST WESTERN Lægreid Hotell held ein høg standard. Romma er pussa opp i seinare tid og er godt lydisolerte. Det er sjølvsagt trådlaust Internett på heile hotellet og det er heis frå resepsjonen.

8L9T4710.jpg

Kjørnes Camping og fjordhytter

www.kjornes.no
camping@kjoernes.no
Tlf. +47 975 44 156

Kjørnes Camping og Fjordhytter ligg vakkert til ved Sognefjorden, 3 km frå Sogndal sentrum ved riksveg 5, retning Kaupanger. Med sin lokalisering midt i Fjord Norge, er Kjørnes Camping og Fjordhytter eit svært sentralt utgangspunkt for aktivitetar og opplevingar ved Sognefjorden.

Skjermbilde+2019-03-07+kl.+16.35.21.jpg

UTE-plassen Sogndal

www.ute-plassen.com
uteplassensogndal@gmail.com
Tlf: +47 469 10 456

Med sin unike beliggenhet i Sogndalsdalen i Sogndal et perfekt utgangspunkt for å oppleve aktiviteter og opplevelser fra fjord til fjell ved Sognefjorden. 10 minutt frå Sogndal Skisenter Hodlekve. Tilbyr 7 leiligheter og 3 hytter med 4-6 sengeplasser hver, 30 plasser for bobiler, campingvogn og telt. Vi har gode sanitærfasiliteter med garderober,dusj, vaskerom og kjøkken, wifi. Har også kafé/restaurant med kapasitet til 50 personer som kan benyttes til selskap og mindre kurs og konferanser, samt møterom med 10 møteromsplasser.