Skjermbilde 2021-05-26 kl. 11.12.43.png


Lettvint aurefiske i Sogndalsdalen

Ein finn gode viskevatn i kring Sogndalsdalen. Både Dalavatnet og Anestølsvatnet er store og lett tilgjengeleg fiskevatn. Ein finn også flotte mindre vatn knapt over tregrensa, men då må ein gå ein liten time på god tursti. Sogndal Skisenter sel fiskekort for vatna tilhøyrande Fagreggi Utmarkslag. ( sjå info lenger nede på sida)

Dalavatnet og Anestølsvatnet: er to gode og særs lett tilgjengeleg fiskevatn i Sogndalsdalen. Ein perfekt sumarsyssel for heile familien.

Kjøp fiskekort, bruk redningsvest finn deg ein høveleg plass og lukke til.

Prisane på fiskekort er det heller ikkje noko å seia på: 

Dagskort kr. 100,- Vekeskort kr. 200,- 3-vekerskort kr. 300,- Årskort: 450,- 

Dei to vatna høyrer til same grunneigarlag. Og ein skal ha gyldig fiskekort. Fiskekort får ein kjøpt i begge sportsforetningane i Sogndal samt MIX-kiosken. Det står fiskekortautomat både ved Vatnasete, UTEplassen og Vassenden.

Sist men ikkje minst, ein kan kjøpa kort via VIPPS Nr: 519321 ( NB: dette kortet gjeld kun for Dala- og Anestølsvatnet)

Det er påbod om gyldig fiskekort i vatn innanfor markert område, tilhøyrande Fagereggi Utmarkslag.

( Vatn h.m. 953 v/Britabu, Skavatnet, Kollsetevatnet, Fagreggjevatnet, Rundavatnet, Nipevatnet, Storavatnet, Bollesteinsvatnet)

Kortprisar:

- Dagskort kr. 30 ,- 4-dagars kort kr. 100,- - Årskort kr. 300,- Prisane gjeld for stang- og oterfiske. Born under 16 år, gratis fiske med stang.

Garnfiske:

Garnfiske er berre for grunneigarane.

Ulovleg fiske:

Gebyr for manglande fiskekort kr. 450,-
Ein må kunne syne fram innbetalt godkjendt avgift ved kontroll. Fiskekort er personleg og kan ikkje nyttast av andre enn kjøpar.

Kjøp fiskekort via VIPPS nr: 699351
Sal av fiskekort går gjennom Sogndal Skisenter Hodlekve or grunneigarane i Fagereggi Utmarkslag

LETT: Det er lett tilkomst mest rundt heile Dalavatnet. ( Foto: Steffen Lægreid)

LETT: Det er lett tilkomst mest rundt heile Dalavatnet. ( Foto: Steffen Lægreid)

 



Fiskekortinfo SogndalsdalenNORSK.png

Når ein køyrer bil gjennom Sogndalsdalen kan ein ikkje unngå å legge merke til Dalavatnet. Frå elveosen der Selsengelvi renn ut i vatnet til Hodlekvebrui der Dala- vatnet vert omgjort til Dalaelvi, er der om lag 6,5 kilometer. Dalavatnet har veg rundt heile seg, Riksveg 5 på eine sida og «Gamle Dalavegen» (FV211)

Både Dalavatnet og Anestølsvatnet, som ligg innforbi Selseng er gode fiskevatn. Det har dei seinare åra føregått ei kultivering i begge vatna, med resultat av at fisken no byrjar å bli stor.

Gardbrukar og leiar hjå Dalavatnet Fiskekort Johannes Gunvordal, seier at det er godt tilrettelagt for fiske i begge dei to vatna.
– Sidan det er veg rundt heile Dalavatnet, er det god tilkomst mange stader. Det er mest so ein nokre stader kan fiska ut glasruta på bilen. Til dømes nede ved Vatnasete er det veldig flott. Det er eit område som dei tøffaste også kan bada frå, sommarsdagen. Med tøff meiner eg, det er smeltevatn så temperaturen er relativt låg. Men det er flott å bada, og ikkje minst, flott å fiska.

􏰢– Ellers kan eg nemna at ved elveosen i begge endar er det lett tilgjenge, og gode forhold. Det einaste ein skal ha omsyn til er dyrka mark. Ein må ikkje gå der utan å først ha snakka med grunneigar. Det same gjeld parkering. Det er mange stader fine forhold for å parkera bil. Men ein må spørja seg til råds om ein skal inn på privat eigendom, og sjølvsagt må ein ikkje sperra vegbana. Så ellers er det berre å kjøpa seg fiskekort og freista lukka. For fisken den er der, kilosfisk er me fleire som har drege opp.

IDYLL: Elveosen ved Anestølsvetnet er beint fram ei perla. ( Foto: Steffen Lægreid)


Men det er slik med gardbrukarar og grunneigarar, dei nemner ikkje dei beste plassane, anten det er moltemyrar, jaktsåter eller fiskeplassar.

– Det er god tilkomst over alt, spesielt ved Dalavatnet. Hjå UTE-plassen er der også mulegheit til å leiga både båt og fiskeutstyr. Inne ved Anestølsvatnet er der bomveg, men vegen er fin og har fleire utkøyrsler ein kan stogge på langs vatnet. Heile sommaren beitar geitene godt ned langs med Anestølsvatnet. Her er ei fin og oversikteleg strandlinje so gjer det perfekt å fiska med Oterfjøl. 

– Anestølsvatnet er litt kaldare, og fisken er litt mindre enn i Dalavatnet, men det er mulegheiter for ein sværing her også. Selsengelvi har mange flotte fiskeplassar heile vegen. Så Sogndalsdalen er eit aldri så lite eldorado for fiske.


På rekke: Anestølsvatnet nærmast, Dalavatnet ligg ute i hovuddalføret.

Alle er velkomne til å nytta området. Det er fort ein gløymer kor bra det er heilt nært og enkelt. Ein treng ikkje reisa langt til fjells. Perfekt familiesyssel. Kjapt napp enkelt å greit, heile året. 









Siste spørsmål. Kva likar fisken i Sogndalsdalen?

– Ein god gammal sølvkroken, den har drege opp store beist frå djupt vatn. Men no kan eg ikkje seia meir. Nokre hemlegheiter må me ha. Men velkomne skal de vera seier bonden i Gunvordal. 

Skjermbilde 2021-06-30 kl. 14.27.36.png