Trafikktryggleik i Sogndalsdalen

 

Sogndal skisenter oppfordrar alle som nyttar terrenget utanfor preparerte løyper til og syne stor aktsemd når det gjeld nedkøyring til riksveg 5 i Sogndalsdalen. Heilt enkle grep kan alle bidra til betre traffikktryggleik for deg sjølv og andre, i området.

Området dette gjeld går mellom avkøyringa frå riksveg 5 til skisenteret og bort til Toggaparkeringsplassen ved Gunvorsdalelvi.

Statens vegvesen har utarbeida 4 avkøyringslommer på dette vegstrekket, som skal nyttast til av og påstigning. Det må ikkje parkerast privatbilar i desse lommane, då dei av praktiske og trafikktryggleiksgrunnar er slik at laussnøekspressen må få  svinge utav vegbana for å plukke opp personar som ventar på bussen. 

Det er fartsgrense på 80 km/t. på vegstrekket, og store snø-mengder gjer til at det kan vera uoversiktleg et, mest heile skisesongen.

Av tryggleiksgrunnar ber me alle som kjem ned til riksvegen om å ikkje gå ut i vegbana. Men gå godt innpå brøytekantane utanfor vegskuldri for og ta seg til nærmaste avkøyringslomme. Ein må under ingen omstende freiste å stogge bussen utanfor desse lommane, bussen stoggar heller ikkje midt i vegbana for å ta ombord passasjerar.

Personar som organiserer seg med personbilar sjølv skal heller ikkje nytte avkøyringslommene til parkering. jmfr (trafikkreglar vegvesen).  

Det er tilrettelagt ein stor parkeringsplass ved  foten av fjellet Togga (Brandehaugane parkeringsplass) bruk den ! 

  • Ikkje parker køyretøy i avkøyringslommene

  • Ikkje gå ut i vegbana

  • Ikkje freist å stogge laussnøbussen utanfor parkeringslommene

Me ynskjer deg og dine ein sikker tur, ta traffiktryggleiken på alvor du også.

Beste helsing
Sogndal Skisenter