Prisar 2023/2024

Kjøp heiskort online

Du kan legge inn fleire bilar på sesongkortet i Easypark, men berre ein om gangen.

Det er Sogndal kommune som kontrollerer om avgift er betalt. Parkeringsvaktene er ofte i anlegget og tek kontrollar.

Alle som har kjøpt årskort tidlegare kan fornye på utløpsdato, sjølv om maksgrense for antal selde sesongkort er passert. Det er ikkje høve til langtidsparkering på årskortet.

 Sognapass - to anlegg: Sogndal skisenter og Sogn Skisenter

Vilkår ved kjøp og bruk av heiskort pr. 01. oktober 2023

1.  Definisjonar – type heiskort

Fleirdagarskort, dagskort eller tre-timarskort, gjeld i vanleg opningstid for den eller dei datoane som er angitt på kortet.

Sesongkort gjeld i vanleg opningstid frå me opnar anlegget til sesongslutt

Klippekort, toppturkort og  enkeltbillett gjeld ut sesongen.

2. Bruk av heiskort

Sogndal skisenter har ikkje kunstsnø og er avhengig av natursnø. Opningsdatoen for anlegget er derfor varierande. Vanlegvis opnar me eit eller fleire skitrekk i midten av desember.

Med mindre anna er bestemt er heiskort  – unnateke klippekort, toppturkort og enkeltbillett – personlege og kan ikkje overtakast/lånast ut til andre. Overtramp kan medføre at kortet vert kverrsett. Brukaren skal kunne legitimere at vedkommande er rettmessig innehavar av kortet. Kortet skal synast fram ved kontroll.

Tapt kort vert erstatta med eit nytt kort når personlige data er registrert i samband med kjøp av heiskortet slik at det let seg sperre. Skisenteret har høve til å ta eit administrasjonsgebyr i samband med produksjon av nytt kort.

Skader på heiskort ved normal bruk gir rett til nytt kort.

3. Gratis for born

Barn under 10 år eller som går i 4. klasse køyrer gratis. Dei treng ikkje kort i barnetrekka. Heiskort mottas ved personleg oppmøte i Skipass. Ein kan og registrere seg på online sal og hente ut kortet i skipass.

4. Vilkår for rabatt

  • Familiekort kan kun kjøpast samla. Ei familie delar husstand og har felles økonomi og ei juridisk binding til kvarandre. Korta gjeld for born/ungdom (10-17 år) og føresatte.

  • Senior er frå 65+, med gyldig honnørkort.

  • Studentrabatt krev gyldig studentbevis, dette må takast med saman med sesongkort, og synast fram ved kontroll.

  • For kjøp av Sognapass med Lurkarlagsrabatt krev me gyldig medlemskap i Lurkarlaget i tillegg til gyldig studentbevis. Liste med dei som har kjøpt desse korta blir derfor delt med medlemsansvarlig i Lurkaraget. Kort som er kjøpt på denne ordninga utan gyldig medlemskap, blir deaktiverte.

5. Grupperabatt-

Grupper på min. 20 personar får rabattar på 20% på dags- og kveldskort forutsett samla bestilling min. 2 dagar før.

6. Mista sesongkort

Mista sesongkort vert erstatta med nytt keycard for kr. 95,-

7. Kveldskøyring

Kveldskøyring er inkludert i samanhengande fleirdagarskort.

8. Reglar for alpin ferdsel i skianlegget

Alpin skisport – inklusive snowboard, telemark o.l. – gir ein viss risiko. Kortholdar pliktar å gjere seg kjent med dei internasjonale alpinvettreglane og å opptre i samsvar med desse. Alpinvettreglene kan du lese her:

Ved eventuelle ulykker som korthaldar er involvert i – eller er vitne til – pliktar ein å legitimere seg med namn og telefonnummer.

 

9. Angrerett ved kjøp av heiskort

Ved fjernsal – for eksempel ved kjøp av heiskort over internett – gjelder lov om opplysningsplikt og angrerett ved fjernsal og sal utanom faste forretningslokale (lov av 20. juni 2014 nr. 27 – angrerettlova).

Ved sal frå fast utsalgsstad – eksempelvis ved sal frå billettluka i tilknyting til skianlegget – gjeld ikkje angrerettlova, men dei allmenne refusjonsreglane.

10. Refusjon ved driftsavbrot

Det gis ingen refusjon på heiskort ved dårlig vær, tåke, snø, ising, teknisk feil eller liknande. Dersom du er usikker med omsyn til vær og føre, ta kontakt med oss før du kjøper heiskort.

11. evt. pålagt nedstenging

For dei som kjøper sesongkort hjå oss gir me garanti for refusjon dersom me mot formodning skulle komme opp i ein situasjon der me må stenge ned større deler av sesongen grunna ein pandemi.

12. Driftsavbrot som ligg utanfor vår kontroll (force majeure)

Ved driftsavbrot  har kortinnehavaren rett til ein førhaldsmessig refusjon for den tid heiskortet ikkje kan brukast. Driftsbrotet må være på minimum 30 minutt og summen av driftsavbrota må vere på meir enn 1/3 av heiskortets gyldigheitstid. 

Ved driftsavbrot som ligg utanfor vår kontroll skal refusjonen tilsvare 50% av den førehaldsmessige refusjonen som kortinnehavar har krav på etter det føregåande punktet. Dette gjeld ved driftsavbrot som følge av eksempelvis vær- og vindforhold, snømangel, skred, lynnedslag, flaum, brann, straumstans, streik, offentleg-rettslege forbod eller påbod, pandemiar m.v. og som utgjer tilhøve som anlegget ikkje med rimelegheit kunne forvente å vite om på kjøpstidspunktet.

Dersom anlegget held ope meir enn 1/3 del av forventa sesong, vil det ikkje bli gitt refusjon.  Dersom anlegget er stengt – eksempelvis grunna snømangel utover 1/3 av sesongens totale tall på skidagar kan korthaldar krevje ein førehaldsmessig refusjon for den tid sesongkortet ikkje kan brukast. Kortholdar har ikkje krav på hele kjøpesummen. Eit eventuelt refusjonskrav er oppad avgrensa til 50% av kjøpesummen av heiskortet, uavhengig av kjøpstidspunkt. 

Refusjonen skal tilsvare 50% av den forholdsmessige delen av den tid heiskortet ikkje kan brukast; verdien på kortet delt på tallet på opningsdagar i sesongen. Denne «dagrata» er avgjerande for storleiken på refusjonskravet.

Eventuelle refusjonskrav kan ikkje utreknast før etter at sesongen er avslutta. Inntil sesongavslutning kan skisenteret avvise eventuelle refusjonskrav.

13. Refusjon ved sjukdom eller skade

Ved sjukdom eller skade vil kortbrukaren ha rett på ein forhaldsmessig refusjon av kortutgiftene for den tid kortet ikkje kunne nyttast. Skaden eller sjukdommen skal dokumentast gjennom legeerklæring. 

14. Sanksjonar ved misbruk av heiskort eller overtramp på alpinvettreglane

Heiskortet er personleg og kan ikkje overdragast til andre.

Korthaldar aksepterer at misbruk av heiskort, overtramp på alpinvettreglane, brot på rettningslinjer og skilting i heiser og nedfartar, skikøyring i rusa tilstand m.v. kan medføre kverrsetting/sperring av heiskort, utvisning frå anlegget og/eller politimelding.

Eksempel på misbruk av heiskort  er mellom anna  bruk av feil kort (vaksne som nytter barnekort), bruk av kortet til en annan person, forfalska / stjålet kort.

15. Innhenting og oppbevaring av personopplysningar

Sogndal Skisenter Drift AS er ansvarlig for handsaminga  av kortholdars personopplysningar. For meir informasjon om korleis me handsamar dine personopplysningar, og kva rettar du har i samband med handsaminga, sjå https://www.sogndalskisenter.no/retningslinjer-for-personvern. Me registrerer og personopplysningar dersom me handsamar skadar i skisenteret. Om du har spørsmål om vår handsaming av dine personopplysningar, kan du kontakte oss på post@hodlekve.no

16. Anna næringsveksemd

All næringsverksemd i skisentret må avtalast på førehand.

 

Vil du vere på spleiselaget, så skal me halde fram med å levere gode langrennsløyper!

Me set stor pris på om de bidreg med kr. 50,- for dagsbesøk, kr. 500,- om du er brukar av fjelløypene og om du er brukar av langrennsløypene kr. 1 000,-
Kontonr. 3720 07 26341, merk med løyper eller Vipps til #85540