2,5 millionar til Hodlekve

Sogndal Kommune og Sognefjorden Utviking styrkjer i fellesskap aksjekapitalen til Sogndal Skisenter Drift AS.

Kommunestyret i Sogndal har styrka aksjekapitalen i Sogndal Skisenter Drift AS med 1,5 millionar kroner. Som eit svar på aksjestyrkinga til kommunen, har Sognefjorden Utvikling gått inn med ein million kroner, i tillegg.


Positive signal

Ei fleirtalsgruppering i Kommunestyret har samla jobba fram auken i aksjekapitalen, utan søknad frå skisenteret. Sogndal Kommune er allereie den største eigaren av Sogndal Skisenter Drift AS.

– Dette er særs gledeleg, eit  veldig viktig og positivt signal til utviklinga som skjer i Hodlekve frå kommunen si side. Dette syner at satsinga kring Hodlekve er sterkt ynskja frå kommunen si side, hevdar Rolf Navarsete, styreleiar i Sogndal Skisenter Drift AS.


Motiverande handling

Navarsete trekkjer også fram den andre store eigaren av skisenteret. Sognefjorden Utvikling AS, har allereie synt stor tru på utviklinga kring Hodlekve. Selskapet har allereie bidrege med tjue millionar kroner til no.

– Sognefjorden Utvikling AS har bidrege stort inn allereie. Med tjue millionar fordelt på aksjekapital, samt kapital og utviklingsbidrag for byggjing av infrastruktur som anlegg, løyper servicebygg og liknandes. At dei no går inn med endå ein million, syner at Sognefjorden Utvikling fortsatt har stor tiltru til den flotte utviklinga me som skisenter no er inne i.  Dette er ei svært motiverande handling frå dei to største eigarane våre, seier Navarsete.

20161227_085720.jpg



Støttar ambisjonsnivået

Dagleg leiar i Sogndal Skisenter Drift, Per Odd Grevsnes seier at styrkinga er med på å byggje opp under ambisjonsnivået skisenteret har.

– Med målsettingane Sogndal skisenter har, er likviditeten svært viktig for å kunne halde oppe ambisjonsnivået.  Det gir oss handlingsrom. Med det meiner Grevsnes at ein fortsatt vil utvikle seg raskt, og nå dei neste delmåla i skisenteret så fort som mogleg. 

– Det handlar til dømes om ny heis til Kambafjellet, ferdigstilling av Dalalåven. Samt utvikle sommaraktivitetane som sykkeløyper i fjellet, og andre aktivitetstilbod som gjer oss rusta til å stå fram som ein solid heilårsdestinasjon for heile regionen. 



Tillit 

Synergiane som utbygginga kring Hodlekve gjev, ser ein meir tydeleg enn nokon gong. I følgje Even Heggbom i Sognefjorden Utvikling, er det gledeleg at lokalpolitikarane i Sogndal fortsatt har trua og ser kva verdiskaping utviklinga kring Sogndal Skisenter bidreg med. 

– Sognefjorden Utvikling sitt siste bidrag kjem av at me ser på det som ei svært god investering for Hodlekve, regionen og SU. Me ser at drifta av skisenteret er veldig bra. Skisenteret har bygd opp ein strategi, og fungerer mykje betre reint kommersielt enn tidlegare. All utvikling vil vere bra for aktiviteten SU driv med. Me har tillit til dei som jobbar der, til styret og til leiinga. Alt i alt fungerer dette veldig bra, derfor ynskjer me å fortsatt vere med frametter.



hytter i hodlekve _ håvard.JPG

Halv milliard

Heggbom hevdar at  Sogndal Kommune med auken i aksjekapital syner tillit til prosjektet Hodlekve. 

– Me er svært glad for at politikarane ser verdien av alt dette. At utviklinga har vesentleg samfunnsmessig betydning, for regionen i Sogn. Til no er det tilnærma 240 millionar i rein bygningsmasse i prosjektet. Mykje av dette går inn i lokalt næringsliv.

Det er ein industri som ein ikkje har vist eksisterte tidlegare. I total verdiskapning når ein snart ein halv milliard kroner i utviklingsprosjektet kring Sogndal Skisenter. 

– Politikarane ligg godt framfor og investerar i framtida, dette er kjempebra og fantastisk gode signal. 

Ein må også tenke på at hytteutbyggjarar som bur utanfor regionen, flyttar kontanstraum til Sogndal. Dette gjev daglege og varige inntekter, som gagnar alle i regionen. 


Tenkjer stort

Det er utviklinga Sogndal Skisenter har gjort og synt vilje til å gjennomføre dei seinare åra, som er med til å bidra til at Sogndal Kommune no går inn med auka aksjekapital.

– For vår del er det heilt naturleg å bidra til fortsatt vekst og styrking av Sogndal Skisenter. Den utviklinga som har vore dei siste åra, syner at det er vilje til å tenka stort, samt at ein gjennomfører måla ein set seg.  Tilbodet skisenteret gjev er eit utruleg viktig bidrag for regionen, seier Senea Sabanovic, AP representant i kommunestyret.

Naturleg

Sabanovic seier også at det ligg mykje meir bak reine kroner og ører.

– Eit universielt utforma anlegg tufta på sunne verdiar, er aktivitetskapande for folket. Eit aktivitetstilbod ikkje berre for skientusiastar. Men også i større grad som ein heilårsdestinasjon for framtida. Sogndal har blitt sett på kartet som ein laussnøhovudstad. At ein også kan utvikla anlegget og tilbodet i eit endå større omfang styrkjer også reiselivet og næringslivet lokalt.

Ho legg til:
– Hodlekve har vore og er eit satsingsområde for Sogndal Kommune. Då er det naturleg og løfta skisenteret, samt bidra til denne veksten. Hodlekve er ein destinasjon, anten det er hyttebyggjing eller fine naturopplevingar.

AktueltPer Odd Grevsnes