Guiding

 

Toppturar og isklatring med guide

I Sogndal har vi god tilgang på høgt kvalifiserte guidar.

Å bli med ein guide på tur, gir ein ny dimensjon til turen. Du får med deg ny og utvida kunnskap om området og om det å ferdast trygt i ulendt lende. Dette kan vere ein unik sjanse til å bli kjent med området, samtidig som du får gode tilhøve til å læra meir om dei bratte og ville vestlandsfjella som omgir Sogn.
 
Turane kan tilpassast dine ynskjer, eller du kan vere med som deltakar på faste oppsette turar og kurs i toppsesongen.

Fleire av guidane i Sogndal tilbyr både føringsturar og kurs innan emna ski, skred, klatring og bre, samt tradisjonelt friluftsliv sommar som vinter. I Sogndal om vinteren er det særleg toppturar/offpiste og isklatring det er gode tilhøve for. Dette kan vera alt frå ein enkel introduksjon innan dei ulike emna, til meir djuptgåande opplæring innan faget. 

Guidebedrifter:

Explore Sogndal

exploresogndal.no
post@exploresogndal.no
Tlf: +47 416 51 175

Med utgangspunkt i Sogndal og Sogndal Skisenter, lager vi aktivitetsopplevelser for enkeltpersoner, grupper og bedrifter. Vi tilbyr kurs, turer, aktiviteter og utleie av utstyr. Ta gjerne en titt i aktivitetskalenderen vår for å se hva vi kan tilby. Finner du ikke noe som passer? Ta kontakt, så løser vi det. 

breogfjell.jpg

Bre og Fjell

breogfjell.no
post@breogfjell.no
Tlf: +47 411 46 070

Vinteren i Norge byr på spennande opplevingar i naturen. Enten du likar å flyte nedover i laussnøen frå ein vakker fjelltopp, eller kjenner dei mektige opplevingane ein frosen foss kan gje. Begge elementa gir stor glede, men medfører også ein del risiko. Vi i Breogfjell vil gjerne dele vår kunnskap med deg slik at du kan ferdast trygt i vinterfjellet.