Hodlekve sommar

Dalalåven Kafé er ope 20. juni til 16. august. Opningstidene er frå kl.12-18 

Sogndal Skisenter Hodlekve er blitt mykje meir enn berre eit skisenter. Det er eit glimrande utgangspunkt for mange sommaraktivitetar i vakker natur. 

Kaféen i Dalalåven er ope om somaren. Utanom serveringstid tilbyr vi også utleige av syklar, pumptracksyklar og el-syklar - i samarbeid med Intersport Sogndal. 

Me har flotte turmoglegheite for alle nivå med utgangspunkt frå skisenteret. Enten du vil fiske eller gå på fjelltoppar. Fiskekort kan du få kjøpt i kafeen eller ved å vippse. 

I skianlegget har me laga ei 9 hols frisbeegolfbane og på parkeringsplassen er det laga til 12 bubilparkeringar med tilgang til straum. .

Aktivitetar sommar

  • Fjellturar

    Hodlekve er eit glimrande utgangspunkt for turar i fagre fjell og vakker natur. Rett frå parkeringsplanssen i Rindabotn finn ein tilrettelagde stiar gjennom bjørkelier til høgfjellet.

  • Frisbeegolf

    I skianlegget har me laga til ei frisbeegolfbane med 9 hol. Perfekt til å ta med venar og familie og spele

  • Sykkelløype

    I Rindabotn finn ein ei kilometer-lang lågterskel sykkelløype. Den er blitt superpopulær blant dei minste. Ein arena for læring og meistring i trygge omgjevnader .

    Ønskjer du å leige sykkel, sjå her.

  • Pumptrack

    Vi har ein stor pumptrack med asfaltert hopplinje i Hodlekve, like ved Dalalåven. Den vart byggja Rekkje Stiutvikling og sto ferdig sommaren i 2022.

    Ønskjer du å leige sykkel, sjå her.

  • Stolpejakt

    Frå 19.juni blir mogleg å være med på stolpejakten i Hodlekve. Det blir satt ut 20 stolpar i forskjellig vanskelegheitsgrad, så her er det noko for alle. Last ned stolpejaktappen og bli med.

  • Kafé

    Dalaloven Kafé er ope 20. juni til 16. august. Frå kl. 12-18 kvar dag i perioden. Her kan du få kjøpt deg is, sjokolade, varm og kald drikke, lunsjmat eller noko søtt.