Back to All Events

Sogn og Fjordane leikane med skikrinsen


Sogn og Fjordane-leikane er eit arrangement på tvers av alle greinene i Sogn og Fjordane Skikrins og er open for alle, både aktive og nye, til å prøve ut dei ulike greinene.

Her skal alle kunne prøve alpint, langrenn, hopp, randonee og telemark uansett kva skiutstyr ein har. Det blir laga til spennande løyper for alle greinene.

Meir informasjon kjem før sesongen 2019-2020.

Sogn og Fjordane-leikane skal:

  • vise at det er moro å bruke ski og snø

  • legge til rette for å bli kjent på tvers av greiner og lære av kvarandre

  • gi alle høve til å prøve dei ulike skigreinene

  • vise fram samarbeidspartane til skikrinsen

Link til Skiforbundet: Sogn og Fjordane-leikane

Earlier Event: February 1
SPV Alpinsamling Hodlekve
Later Event: February 2
Den 2. februar er kom deg ut dagen !