Utviklingsarbeid

Hodlekve er i stadig utvikling. Me arbeider for å vidareutvikle Sogndal Skisenter som ein attraktiv møteplass for aktivitet, friluftsliv og gode naturopplevingar gjennom heile året.

Her samlar me rapportar og bakgrunnsinformasjon om utviklingsarbeidet. Målet er å gjere kunnskapsgrunnlaget lett tilgjengeleg og leggje til rette for innsikt, engasjement og ein god dialog om vegen vidare.

Rapportar og bakgrunn

Dokumenta belyser ulike sider av utviklinga i Hodlekve. Dei inneheld innspel, vurderingar og forslag til vidare arbeid. Forslaga er ikkje i seg sjølve vedtekne utbyggingsplanar.

Hodlekve 2.0 – mykje meir enn eit skisenter

Sluttrapport frå Sogndal Skisenter Drift · September 2024 · 34 sider

Rapporten samlar arbeidet frå seks arbeidsgrupper og ser på utviklinga av Hodlekve i eit 30-årsperspektiv. Tema er mellom anna heilårsaktivitetar, ski- og løypetilbod, sentrumsutvikling, transport, natur og finansiering av fellesgode. Rapporten er eit innspel til ny kommunedelplan.

Last ned Hodlekve 2.0 (PDF)

Framtidas Hodlekve

Vestlandsforsking · VF-notat 1-2025 · 16 sider

Notatet oppsummerer tre arbeidsverkstader og to opne møte i 2024–2025. Det løftar fram medverknad, lokal forankring, inkludering, tilgjenge, naturomsyn og open kommunikasjon. Ulike syn på utbygging og økonomiske modellar viser kva spørsmål det er viktig å arbeide vidare med.

Last ned Framtidas Hodlekve (PDF)

Eigarskap i Hodlekve

Oversikt over eigedomsselskapet og driftsselskapet · 1 side

Ei samla oversikt over dei oppførte aksjonærane i Sogndal Skisenter Eigedom AS og eigarfordelinga i Sogndal Skisenter Drift AS.

Last ned eigarskapsoversikta (PDF)