– Sogndalsdalen har alt



Friluftslivet kring Sogndalsdalen er nok endå mest kjendt for store fjellsider og bratte skogsteigar. Der dedikerte skikøyrarar kjem dundrande nedover, med ville jubelrop i sjølvprodusert snøføyke.

Men for tur- og fjellglade sogningar som kjenner Sogndalsdalen er dette ei sanning med litt modifikasjonar. 

Frå Tylderingen, Dalavatnet syner veg inn mot majestetane inst i Sogndalsdalen. ( Foto: Morten Hagen)

Frå Tylderingen, Dalavatnet syner veg inn mot majestetane inst i Sogndalsdalen. ( Foto: Morten Hagen)

Ein treng ikkje utfordra dei brattaste rutene for å koma seg høgt til fjells. 




I sommarsesongen er det nok endå nordsida av Sogndalsdalen som er mest nytta til turområde, i motsetnad til den meir alpine sørvestsida og inste botn av dalen.
– Nordsida er veldig lett tilgjengeleg. Det er store kuperte viddeliknande og flate parti, ein kan spare tid på å nytte opparbeidde vegar og parkeringsplassar for å gjera turane kortare. Noko som mellom anna gjer til at små barneføter slepp slita med for mykje høgdemeter, terskelen vert lågare og trivselen høgre, seier Morten Hagen frå Sogndal.




Dei nære turane. Kort veg gjer til at ein fint rekk å komma seg til fjells etter skule- og arbeidstid (Foto: Hagen)

Dei nære turane. Kort veg gjer til at ein fint rekk å komma seg til fjells etter skule- og arbeidstid (Foto: Hagen)

Med ein far som er over snittet turglad og fjellvand har Morten fått turgleda inn frå barndommen av. Fleire av barndomsturane er dei han i dag fortsatt likar aller best.
– Ta til dømes Nuken. Fjellplatået som vakar mellom Sogndal og Hafslo. Med sine 919 høgdemeter kjem ein godt over tregrensa. Det er likevel ein enkel fottur. Til dømes om ein startar frå Årvollsåsen, er det ikkje meir en tre kilometer kvar veg og litt over to hundre høgdemeter opp. Enkelt friluftsliv med fisking i «verdsklasse», lett tilgjengeleg og populær tur. Utsikta er absolutt ingenting å seia på, klåre dagar gir den førsteklasse utstyn mott til dømes Hurrungane. Alle burde teke seg ein tur på Nuken. 

Dette området er eit lett terreng å gå i. Til dømes til Nuken, Halsavatnet eller Tylderingen.
– Tylderingen på 1104 meter over havet, er ein annan klassikar som gjev utruleg utsikt i forhold til kor lett turen er. Ein kjem seg til topps med om lag 500 høgdemeter trasking frå parkeringsplassen på Fretland. Halsavatnet ligg midt mellom Nuken og Tylderingen, eit eldorado. Desse turane går fint utan for mykje høgdemeter, og ein får mykje ut av dagen. 

Skjermbilde 2020-07-17 kl. 16.26.16.png

Frudalen, eit mektig dalføre. Ein hemlegheit er Frudalsvatnet. (Foto: Hagen)

Når Hagen skal trekkja fram dei lettaste turane til fjells, blir det nordstida av dalen
– Denne sida av Sogndalsdalen er meir retta mot sommaren, meinar eg. Den andre der skisentertet, Togga og Blåfjell med meir ligg, er meir konstruert for ski og vinter. Men ein finn mykje flotte turar der også sjølvsagt. Det same heilt framme ved Frudalen og Langedalen også. Dalføra er flotte og moderate å gå i, så kan ein gjera det så utfodrande ein berre har dugleik og form til, forklarar han. 

Sogndalsdalen har alt, er ei fråsegn mange kjem med. Også Hagen:

– Heile året finn ein noko unikt i dalen vår. Utsøkte områder for fjellskiturar, og foturar i moderat tempo, med vidt og ope terreng, bratte og majestetiske fjell, toppturar og laussnø dei breiaste skia. Brear, flotte elvar, fiskevatn, alpine høgder og eit rikt utsyn. Ei flott dyreliv og eit velhaldt kulturlandskap

– Jo for det er heilt sant, Sogndalsdalen har alt, konkluderer Morten Hagen

Fagert utsyn frå Stepin inn Laugadalen. Her kan ein draume seg vekk til dei store skilinjene ned frå Nonsholten, eller til japanputene i Toggaskogen. Fritt val frå øvste hylle ( Foto: Hagen)

Fagert utsyn frå Stepin inn Laugadalen. Her kan ein draume seg vekk til dei store skilinjene ned frå Nonsholten, eller til japanputene i Toggaskogen. Fritt val frå øvste hylle ( Foto: Hagen)






Guest User