Betre turstiar frå Rindabotn til fjells  

No skal det bli mykje betre tilrettelagt på sommar og haust for turgåarar, med start og utgangspunkt frå Rindabotn.

Sognehus og Neumann bygg har slått seg saman og sponsar Sogndal Skisenter (SSD) med materiale, slik ein får kloppa opp nokre blaute parti på turstien opp mot Rysete (Røde Kors kassen).

– Det er mange som nyttar Rindabotn som utgangspunkt for fjellturar sommar og haust. Men det er ei kjent problemstilling at ein fort kan bli litt blaut på føtene, når ein skal over myrpartia ovanfor Stedjekamben, mot det me kallar Raude Kors kassen, seier Per Odd Grevsnes  dagleg leiar i SSD.

Ein tek seg fort og lett over tregrensa med utgangspunkt i Rindabotn, og ein treng ikkje traska dei brattaste liene for å komme opp i høgda, derfor er området eit mykje nytta turområde for folk som ynskjer utsikt og den gode kjensla av fjellfølelse, no vert turstarten endå betre. 


Terje Thorsnes hjå Sognehus AS - Boligpartner Sogndal, nyttar området mykje sjølv, og har følt på problemet.

– Eg må vera ærleg å sei at spesielt når ein går på tur med små born så kan det til tider bli litt traurig over myrane. Med kloppa sti så vonar me at det skal bli endå betre føresetnader for ei betre turoppleving. 

Sognehus saman med Neumann Kaupanger står for materialen som vert nytta. Og no kallar skisenteret inn til dugnad for å få det heile på plass. 

– Me kallar inn til dugnad 2. september. Det vert ein litt fysisk dugnad, som fint erstattar den dagens treningstur.  Me treng bærehjelp til å få planar på plass, og me treng hjelp til snikkere dei saman.


Ta med arbeidshanskar og godt fottøy. Fint og om du kan ta med skogryddingsutstyr om du har slikt. td beitesaks.  For dei som har motorisert utstyr må HMS reglar følgast. Kim Andre tek  evt. ein sjekk på dette i framkant, seier Per Odd, som legg til:

– Me startar med ein pizzabit kl 16:30 før me gyv laus kl 17.00. Eg må derfor vite kven som kjem nokre dagar i forkant. Me oppfordrar alle som ynskjer å bidra om å ta kontakt i framkant.  Send meg gjerne ei melding om du kjem, so veit me kor mange pizza me må bestille.  epost:  per-odd@hodlekve.no


Turstien frå Rindabotn opp mot Rysete er eit godt utgangspunkt om ein ynskjer ein alternativ og slakare veg til Blåfjell. Om ein vil opp til Hedleberget og nyta utsikten over Fjærlandsete så er dette den beste vegen. Vidare om ein ynskjer å gå over til Leikanger og Njøsadalen eller Øvstedalen så er stien over Rysete beste utgangspunkt.


Sogndal Skisenter samarbeider også med DNT Sogndal om å få merka opp turstiar, og soleis får desse inn på DNT sine nasjonale turkart. Slik vil ein freiste å få endå fleire ut på tur i tida ein ventar på ny vinter og snø.


Per Odd Grevsnes er klar med plankane som skal bærast til fjells og lage tørskodd tursti mot Ryssete.

Per Odd Grevsnes er klar med plankane som skal bærast til fjells og lage tørskodd tursti mot Ryssete.




Guest User