Me jublar for mykje snø, og kvar dag denne veka blir det køyrt opp lysløypa kl 16.
Vil du bidra med støtte til oppkøyring av langrenns- og turløypene?
Snøen er komen i Hodlekve, og vi køyrer lysløypa kvardagar til kl. 16 og helgar til kl. 10. Når det er nok snø blir det prepping av øvre 5-km og etterkvart fjelløypene. Som for tidlegare sesongar er det mogleg å bidra med ei frivillig støtte til perparering av løypene. Du avgjer sjølv beløpet, men ein passeleg sum kan vere kr 500.
Bankkonto til Sogndal skisenter drift A/S: 3720 07 26341 "mrk langrennsløyper".
------------------------------
-----------------------------------------------------------------------------------------