Asfaltering og stengt veg i Rindabotn

Me opplyser om at i samband med asfaltering av vegen mellom parkeringsplassen i Hodlekve og Rindabotn so vert vegen periodisk heilt stengt 26. september.

Asfaltarbeidet Hodlekve - Rindabotnen, vil starte torsdag 26 klokka 07.00 og vare heile dagen fram til ein er ferdige ut på ettermiddag / kveld.

Dette inneber at vegen vil vere stengt eller delevis stengt  i følgjande tider:

07.00 – 09.00 stengt i periodar på inn til ½ time 

09.00 - 15.00 stengt heile perioden.

15.00 - 19.00 eller til arbeidet er ferdig, stengt i periodar på inn til ½ time

Ein ber brukarane av vegen ta omsyn til arbeidet som vil pågå dei næraste 2 vekene og den nylagde asfalten på vegen ved å køyre med aktsemd. Dette for at alle skal få eit best mogeleg sluttresultat på dette arbeidet.

Dette er spesielt viktig det første døgeret etter at arbeidet er avslutta, me ser helst at det er ingen tunge køyretøy som nyttar vegen dette døgeret.

 Asfaltentreprenør er Veidekke asfalt og kontaktperson er.

Kai Ronny Myklebust 

e-post: kai-ronny.myklebust@veidekke.no

tlf: 469 10 099

På førehand takk for du tek omsyn.

Sogndal Skisenter Drift AS

Guest User