Aktiv hausthelg i Rindabotn

Vel møtt til ei aktiv helg hjå oss i Sogndal Skisenter.

For første gong inviterer me til ein aktiv haustdag i Rindabotn, og me håpar du tek turen.

Vi får nokre flotte samarbeidspartnarar på besøk, og det er dei som på eige initiativ ynskjer å stelle i stand litt moro. Fullt program kan du sjå nedanfor.

Til himmels med Neumann.

Stable bruskasser so høgt du greier eller berrer torer. Trygt heng du i frå heisekranen med klatresele og tau.

Sykkelkonkurranse med Nordbohus

Laurdag 21. september kjem det første arrangementet i Nordbohus Sykkelpark, i Hodlekve ! Ta på hjelmen og ta med heile familien for ein aktiv laurdag i Hodlekve!

Sykkelrittet er for born og ungdom opp til 16 år, men løypa er sjølvsagt open for alle.
Påmeldinga byrjar kl 11:00. Rittet startar kl 12:00, og me trekkjer premiar blandt dei påmeldte kl 13:00!

Kiosken i Dalalåven er open, og det vil vere diverse stands under og etter sykkelrittet. Hodlekve rundt- eit fjelløp vert også arrangert denne dagen. Så det er aktivitetar for heile familien!

For dei spreke

Hodlekve Rundt- eit fjelløp. Er eit fjelløp/terrengløp. Primus motor er Steinar Nes. og du kan sjølv velja distanse. Heil, halv eller trim.

Tradisjon tru blir det i år også fjelløp i Hodlekve. Ta fram joggeskoa og set av dagen!

Fjellløpet "Hodlekve rundt" er åpent for alle.
Inviter vener, kjende eller bitre konkurrentar for ein real duell i fjellet. Gje potensielle info og spre ordet. De fleire de bedre!

Det vil i år vere ein heildistanse, ein halvdistanse og ein trimklasse (halvdistansen utan tid).

Påmelding ASAP til steinarnes1@gmail.com, med namn og kva distanse ein vil delta på. (high five for tidleg påmelding så eg veit)

Praktisk info:

Sekreteriatet er ope i Dalaloven frå 09.00.
Løpsstart:

  • heildistanse 11.00

  • halvdistanse 11.30

  • trimklasse 11.15

Det er fellestart i alle klassar.

NB! Mobil er påbudt å ha med i tilfelle beinbrot. Det er ikkje værforbehold.

Heildistansen er ca. 18 kilometer med ca. 1200 høgdemeter stigning tilsaman. For det meste går løypa på sti, men med noko frispringing. Kart og skildringar blir lagt ut her for dei som vil opp å sjå på løypa. På løpsdagen vil den vera merka.
Halvdistansen er ca. 10 km og ca. 500 høgdemeter stigning tilsaman. Dette er "andresløyfa" til heildistansen (sjå kart). Dette er også løypa til trimklassen.

Det vil vera drikkestasjon på Stedjekamben og mellomtider på Kambafjellet, Stedjekamben og Helleberget.

Dalakveld og Dalapub

For dei største borna, over 18 år. Frå klokka 21.00 i Dalalåven.

Live musikk, og partystemning. Ein flott haustkveld du garantert ikkje gå glipp av.

Sal av øl, vin, alkoholfritt. (inng: 200) Betal gjerne med Vipps eller kæsj.

Vel møtt til ein flott dag, kom oppom då vel, no er haustfargane på veg. Lufta er gratis og frisk. Me smiler, og gler oss til vinteren.

Vil du ha ei natt i ei hytte, så finn du mange ledige no her: Ledige hytter:

Me sjaoast Laurdag dao!

Håvard Nesbø